Hopp til innhold
X
Innhald

Lag og organisasjonar i Førde

Førde Volleyballklubb, skipa i 1974, vart den første norske meisteren frå Sogn og Fjordane i lagidrett. Foto: Oddleif Løset, NRK.

Førde Volleyballklubb, skipa i 1974, vart den første norske meisteren frå Sogn og Fjordane i lagidrett. Foto: Oddleif Løset, NRK.

Førde Skyttarlag

vart starta 1863.

Bondevenforening

for Førde skipa ca. 1870 av Søren R. Holsen.

Førde elveeigarlag

vart skipa kring 1870, omlag samstundes med at elveeigarane kring Gaula og Nausta organiserte seg. – Sjå eigen artikkel om Laksefisket i Jølstra .

Haukedalens Missionsforening

skipa 1877.

Haugianarane bygde bedehus

Det var haugianarar som bygde det som skal vere det første bedehuset i Sogn og Fjordane i Førde i 1881.

Førde Bedehus

- sjå Haugianarane bygde bedehus.

Hornnes Misjonsforening

vart skipa i 1882 av Abraham Hornnes som var son til hauginarar som kom frå haugianarmiljøet på Svanøy.

Førde Misjonsforening

vart skipa ca. 1886, men bygda hadde fått sitt første bedehus alt i 1881. Truleg var dette det første bedehuset i fylket - sjå Haugianarane bygde bedehus. Det vart bygt nytt bedehus i Førde i 1956.

Angedalen Ungdomslag

skipa 1890. Laget delte seg seinare i Øvre og Nedre Angedalen Ungdomslag.

Førde Sokneselskap

vart skipa i 1891. Det endra namn til Førde Bondelag kring 1932. Også Solheimsdalen hadde ei tid eige bondelag.

Førde Bondelag

– sjå Førde sokneselskap.

Ungdomshuset Viking i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ungdomshuset Viking i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Førde Ungdomslag

vart skipa i 1896. Ungdomshuset Viking vart bygt i 1928. Viking var m.a. kinolokale for Førde frå 1938 til Førdehuset opna i 1976.

Holsen Songlag

vart skipa på 1890-talet. Dette blandakoret hadde dei første åra kring 35 medlemmer.

Holsen Kristelege Ungdomslag

skipa 1898.

Førde Helselag

skipa 1905 – bygde og dreiv helsetunet, no innlemma i sjukeheimen.

Førde frivillige fattig og sykepleieforening

- sjå Førde Helselag.

Førde Ungdomskorps

Førde Hornmusikklag vart skipa i 1907, bytte i 1974 namn til Førde Ungdomskorps.

Førde Hornmusikklag

- sjå Førde Ungdomskorps.

Førde Musikklag

- sjå Førde Ungdomskorps.

Bedehuset i Holsen er det eldste i Førde kommune, bygt i 1908. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bedehuset i Holsen er det eldste i Førde kommune, bygt i 1908. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Holsen

fekk bedehus i 1908, reist av det lokale indremisjonslaget.

Sunnfjord Sogelag

skipa 1910.

Haukedalen

fekk bedehus kring 1915.

Frå eit hopprenn i Botnabakken i Angedalen. I mange år var dette mellom dei store arrangementa til Førde Idrettslag. Her vart det hoppa over 80 meter. Foto: Bjarne Indrebø.

Frå eit hopprenn i Botnabakken i Angedalen. I mange år var dette mellom dei store arrangementa til Førde Idrettslag. Her vart det hoppa over 80 meter. Foto: Bjarne Indrebø.

Førde Idrettslag

vart skipa som Førde Sports og Idretsforening i 1920.

Førde Sports og Idretsforening

- sjå Førde Idrettslag.

Sunnfjord Skisenter AS

- sjå Førde Idrettslag.

Førde Røde Kors

vart skipa i 1925. Laget bygde i 1964 Førde sjukestove saman med Førde Helselag. I 1978 bygde laget Røde Kors-bygget i Førde sentrum. Dette innheldt i starten m.a. lege- og tannlegekontor, sosialkontor, trygdekontor, apotek og lensmannskontor, og i toppetasjen var det eldresenter med kafé. Fylkesgalleriet i Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane Kunstnarsenter heldt i mange år til i kjellaretasjen i bygget.

Speidargutane i Førde

vart skipa i 1925. Førde-speidarane bygde eiga klubbhytte ved Bekkjavatnet.

Speidarhytta ved Bekkjavatnet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Speidarhytta ved Bekkjavatnet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Førde Hestealslag

vart skipa i 1932.

Haukedalen Idrettslag

vart skipa i 1938, og vart i 1968 slege saman med Førde Idrettslag.

Førde og Naustdal Bonde og Småbrukarlag

vart skipa i 1961. Laget vart delt etter kommunegrensa i 1975.

Medlemer i Førde skulemusikkorps kviler ut etter 17. mai-innsats. Foto: Jan Roar Sekkelsten.

Medlemer i Førde skulemusikkorps kviler ut etter 17. mai-innsats. Foto: Jan Roar Sekkelsten.

Førde skulemusikkorps

vart skipa i 1968 – sjå Førde Ungdomskorps.

Indre Sunnfjord Turlag

vart skipa i 1971.

Førde Båtklubb

vart starta i 1971. Klubben driv småbåthamna på Øyrane med 217 båtplassar og 52 naustplassar. Klubben har 437 medlemer i 2010.

Småbåthamna i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Småbåthamna i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Førde trekkspelklubb

vart starta i 1971. I 2011 har klubben 19 medlemer.

Førde Pensjonistlag

vart starta i 1972. I 2012 har laget 239 medlemer.

Deciding

Tensingkoret Deciding vart starta i 1972.

Førde Volleyballklubb

vart skipa i 1974.

Førde Pistolklubb

vart start i 1979. Klubben bygde pistolbane i Kråkenesmarka tidleg på 1990-talet, og opna bana med å arrangere NM i 1992. I 2012 arrangerte klubben igjen NM.

Førde Cykleklubb

vart skipa i 1982. Klubben har i 2010 ca. 90 medlemer.

Førde Kammerkor

vart skipa av Knut Tønsberg i 1983. Koret har 27 medlemer (2010). Elizabeth Oltedal var dirigent for koret frå 1991 til 2007.

Førde Kammerkor. Foto: Arne Håberg.

Førde Kammerkor. Foto: Arne Håberg.

Slåtten skulemusikk

vart skipa i 2003.

Førde Historielag

vart skipa i 2004.

Førde Industri- og Næringssamskipnad

vart skipa i 2008 ved at tidlegare Førde Industriforening og Førde Næringssamskipnad slo seg saman.

Førde Opp

I 2012 vart motbakkeløpet Førde Opp arrangert for første gong med 1678 deltakarar. Løpet går på ein ny sti, Hafstadkleiva, som er opparbeidd frå Førde sentrum opp til toppen av Hafstadfjellet (706 m.o.h.) Øyvind Heiberg Sundby, Tjalve, vann det første løpet med tida 30.53.

Mot mål på toppen av Hafstadfjellet. Foto: Stine Kyrkjebø Johansen, NRK.

Mot mål på toppen av Hafstadfjellet. Foto: Stine Kyrkjebø Johansen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.09.2013