Hopp til innhold
X
Innhald

Lag og organisasjonar i Luster

Her er nokre av laga og organisasjonane i Luster kommune:

Haugianarane i Luster

Hans Nielsen Hauge kom til Luster og Hafslo første gong i 1802 etter oppmoding frå Johannes Fuglestig og Ola Fortun.

Feigianismen

- sjå Hans Feigum og: Haugianarane i Luster.

Tranittarrørsla

- Thrane-rørsla og Lærdal.

Leseselskap og samtalelag i Luster

I den veksande norskdomstida frå 1870-talet og utover vart det skipa såkalla «samtalelag» i fleire bygder. Dette var forløparane til dei frilynde ungdomslaga.

Gaupne bedehus pynta til fest. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Gaupne bedehus pynta til fest. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Gamlemisjonen

i Hafslo vart skipa i 1878. Gamlemisjonen var det folkelege namnet på misjonsforeningar under Det Norske Misjonsselskap.

Hafslo fekk sundagsskule

i 1887. Misjonsselskapet si barneforeining vart starta i 1907. Elles hadde Misjonssambandet frå 1938 ei jenteforeining i bygda.

Markstein er ungdomshuset til Luster ungdomslag. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Markstein er ungdomshuset til Luster ungdomslag. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Luster ungdomslag

vart skipa i 1888 etter opptak frå lærar Andreas Gjelsvik. Dei første åra heitte laget Luster Samtalelag.

Hafslo Ungdomslag

Skipa i 1891 etter opptak frå Kristofer Alme.

Gaupne ungdomslag

vart skipa i 1893. Ungdomshuset Soltun vart bygt i 1958 og utvida på 1980-talet.

Indre Hafslo Ungdomslag

vart skipa i 1893. Det var Jordanger skule som i lang tid vart brukt som «ungdomhus» i bygda - heilt frå skulen vart fråflytta i 1914 og til det nye ungdomshuset «Ljosvang» stod ferdig på Fet i 1937.

Santalmisjonen

fekk eige lag i Hafslo på slutten av 1890-talet, og Ungesantalen skipa lag i bygda i 1928.

Lambhaug bedehus vart innvigt i 1953. Foto: Hermund Kleppa. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Lambhaug bedehus vart innvigt i 1953. Foto: Hermund Kleppa. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Hafslo indremisjon

vart skipa i 1897.

Hafslo songkor

vart skipa i 1900 av sokneprest Brøgger. Sjå foto øvst på sida.

Norsk luthersk misjonssamband

skipa lag i Hafslo i 1902.

Skjolden Ungdomslag

vart skipa ca. 1900 og bygde ungdomshuset «Huldreborg» i 1917.

Solvorn Ungdomslag

vart skipa i 1912 av Tomas Eldegard. Laget heldt møta sine i skulehuskjellaren. Laget flytta aktiviteten over til det nye samfunnshuset då det stod ferdig saman med skulen i 1982.

I.O.G.T-losje Rjupa

i Luster vart skipa i 1913.

Skiidretten har i mange år stått sterkt i Luster. Her er nokre ungdommar oppstilte med ski og kjelke. Foto: Johan Rumohr Døsen. © Fylkesarkivet.

Skiidretten har i mange år stått sterkt i Luster. Her er nokre ungdommar oppstilte med ski og kjelke. Foto: Johan Rumohr Døsen. © Fylkesarkivet.

Ungdomslaget «Sørlendingen»

vart skipa på Sørheim i 1916. Ungdomshuset «Heimskringla» vart bygt i 1936. Dette huset vart nytta som losji for tvangsutskrivne vedhoggarar under 2. verdskrig. Ungdomslaget har seinare gått over til å verte eit grendalag som eig og driv huset.

I.O.G.T-losje Lystringen

vart skipa ca. 1917.

Skjolden Idrettslag

vart skipa i 1921. I 1979 gjekk det inn i det nyskipa Idrettslaget Fanaråk då idrettslaga i Skjolden og Fortun slo seg saman.

Jostedal Helselag

vart skipa i 1922.

Fortun Ungdomslag

vart skipa kring 1900. Men laget låg nede nokre år, og vart skipa på nytt i 1925. Laget fekk overta det gamle skulehuset i bygda - under førsetnad av at det ikkje vart dansa der!

Dølaheimen ungdomshus i Jostedalen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dølaheimen ungdomshus i Jostedalen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Jostedal Ungdomslag

i Kreken krins - dvs. den midtre skulekrinsen i gamle Jostedal kommune - vart skipa tidleg på 1900-talet. Laget bygde ungdomshuset «Dølaheimen » i 1924. Huset vart mykje modernisert i 1985. Laget slo seg saman med ungdomslaget «Fram » i Sperle krins på 1980-talet.

Barnelaget Samhald

var eit fråhaldslag som vart skipa på Sperle i 1925.

Ungdomslaget «Fram»

på Sperle i Jostedalen vart skipa tidleg på 1900-talet. I 1926 overtok laget eit gamalt meieribygg og bygde det ut til ungdomshuset «Framheim». Laget vart på 1980-talet slege saman med Jostedal Ungdomslag.

Myklemyr Ungdomslag

i Jostedalen vart skipa i 1927 og bygde same året ungdomhuset «Bergheim».

Finnemisjonen

fekk lokalt lag i Hafslo i 1927 med Ola Kjos som første formann.

Fortun Idrettslag

vart skipa i 1929. I 1979 gjekk det inn i det nyskipa Idrettslaget Fanaråk då idrettslaga i Skjolden og Fortun slo seg saman.

Hoppsporten stod i mange år sterkt på Hafslo. Dette biletet er teke i 1946 under stillaset  i Blombakken på Mollandsmarki. Frå venstre Ola Elveset, Torodd Sterri, Martin Hauge og Anders Nyseth. Sterri vart fylkesmeister i hopp i 1946 og 1948 og har og delteke i Holmenkollrennet. Ukjend fotograf.

Hafslo Idrettslag

vart skipa i 1934 og heitte dei første åra Hafslo Skilag. Laget har sidan 1962 skipa til turlangrennet Hafslovatnet rundt.

På Moane på Hafslo er det opparbeidd eit stort anlegg med mange fotballbaner. Her kjem Sogndal for å trene, og her blir den store turneringa Sognefjord Cup avvikla. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På Moane på Hafslo er det opparbeidd eit stort anlegg med mange fotballbaner. Her kjem Sogndal for å trene, og her blir den store turneringa Sognefjord Cup avvikla. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Den norske Sjømannsmisjonen

fekk eige lag i Hafslo i 1935.

Den indre sjømannsmisjon

skipa lag i Hafslo i 1937.

Luster Bondekvinnelag

vart skipa i 1939. – Sjå elles Luster Husflidslag.

Pasientlaget "Fram"

på Harastølen vart skipa i 1940. – Les om aktiviterane til laget i eigen artikkel om Lyster Sanatorium.

Jostedal Bonde og Småbrukarlag

vart skipa i 1952. Etter ein dau periode vart laget teke opp att i 1974. I 1978 vart laget utvida til å femne om alle bonde- og småbrukarlaga i Luster kommune og fekk då namnet Luster Bonde og Småbrukarlag.

Luster Bonde og Småbrukarlag

- sjå Jostedal Bonde og Småbrukarlag.

Lyngmo Ungdomssenter og Camping. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Lyngmo Ungdomssenter og Camping. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Lyngmo Ungdomssenter og Camping

på Hafslo vart bygd i 1965 av Norsk Luthersk Misjonssamband og og Sogn Indremisjon.

Thomas Sørheim Evjestad (i midten) er eit produkt av god satsing på langrenn i IL Bjørn. I 2008 vann han gull under hovudlandsrennet.

Thomas Sørheim Evjestad (i midten) er eit produkt av god satsing på langrenn i IL Bjørn. I 2008 vann han gull under hovudlandsrennet.

Idrettslaget Bjørn

vart skipa i 1966 etter at idrettslaga i Gaupne, Jostedal og Indre Hafslo vart slegne saman. Sidan 1967 har desse laga skipa til det årlege turlangrennet Bjønnarennet.

Luster Turlag

vart skipa i 1971.

Knapt nokon stad i landet finn ein eit så variert og attraktivt fjellterreng som i Luster. Medlemene i Luster Turlag treng ikkje ut av eigen kommune for å finne nye turmål Dette biletet er teke frå Turtagrø mot Skagastølstindane. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Luster pensjonistlag

vart skipa i 1973.

Idrettslaget Fanaråk

vart skipa i 1979 ved at idrettslaga i Fortun og Skjolden slo seg saman.

Musikklag i Luster

Luster Musikklag var det første som vart skipa i 1930.

Luster husflidslag

Det største og mest aktive husflidslaget i Sogn og Fjordane, med kring 100 medlemer.

Hafslo Songlag

vart skipa i 1980. I kortare periodar mellom 1900 og 1956 også songkor i Hafslo.

Fjordstova i Skjolden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fjordstova i Skjolden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fjordstova AS

i Skjolden vart bygt i 1994. Den inneheld turistinformasjon, samfunnshusfunksjonar, badeland, klatrevegg, husflidutsal, biliotekfilial og kafé.

Jostedal Samfunnshus

vart bygt i tilknyting til sentralskulen på Bjørk i 1980. Her er det også symjebasseng.

Luster Hundeklubb

vart skipa i 1986 og er den største hundeklubben i Sogn og Fjordane (2012).

Hafslo samfunnshus. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hafslo samfunnshus. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hafslo samfunnshus

vart bygt i 1997. Bygget har ein særmerkt artkitektur og innheld m.a. bibliotek, forsamlingssal og trimrom.

Idrettsanlegga på Heggmyrane

Skisenteret på Heggmyrane i Hafslo er eitt av dei største vinteridrettsanlegga i Sogn og Fjordane.

Sogn Skisenter BA

- sjå Idrettsanlegga på Heggmyrane.

Hafslovatnet rundt er eit tradisjonsrikt turrenn som sidan 1962 har vore avvikla kvar palmesøndag. Dette er vinnarane i 2012, Marte Erfjord og Halvard Sørheim Evjestad. Foto: Jorunn Hillestad Sekse.

Hafslovatnet rundt er eit tradisjonsrikt turrenn som sidan 1962 har vore avvikla kvar palmesøndag. Dette er vinnarane i 2012, Marte Erfjord og Halvard Sørheim Evjestad. Foto: Jorunn Hillestad Sekse.

Sogn Golf

- sjå Idrettsanlegga på Heggmyrane.

Fylkespris til bygdelaga på sørsida

I 2007 fekk Sørsida tildelt Sogn og Fjordane fylke sin pris til idérike bygdesamfunn.

Lustrabadet

i Gaupne vart opna i oktober 2012. Vedtaket vart gjort i kommunestyret i 2009 etter ein hard strid. Det var m.a. samla inn 1000 underskrifter frå folk som var imot bygginga. Badet kosta om lag 100 millionar kroner. Det har 25 meters basseng med stupetårn, klatrevegg, sklier og barnebasseng.

Lustrabadet. Foto: Nina Gudevang/Tage S. Moen.

Lustrabadet. Foto: Nina Gudevang/Tage S. Moen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 22.10.2012