Lag og organisasjonar i Selje

Fotballaget til Stadlandet IL. Foto: Stadlandet IL

Fana til Selje Avhaldslag.
Omtalane er ordna etter startår:
Selje Indremisjonsforening
vart skipa i 1868.
Borgundvåg Misjonsforening
vart skipa i 1884 av Johan Kjøde.
Selje Avhaldslag
vart skipa i 1891 av Zakarias Kvamme.
Stadlandets Laksefiskerforening
vart skipa i 1894. Foreininga hadde som første føremål å motarbeide ei lov frå 1891 som fastsette fredingstider for laksen.
Kvegavlsforeiningar
vart skipa i Selje og på Sande i 1896.
Nordstranda kristelege ungdomslag
på Stadlandet vart skipa i 1898. Laget starta bibliotek for heimlån. I 1913 fekk laget reist den store krossen på Dragseidet til minne om kristininga der i 997. Laget fekk også reist ein minnestein over omkomne fiskarar ved Leikanger kyrkje i 1938. På denne steinen er det seinare festa minneplate over falne i 2. verdskrig frå Stad.
Hove Kristlege Ungdomsforening
vart skipa i 1900. Laget vart drive fram til 1940.
Selje Fiskeriforening
vart skipa i 1906. Laget er det nest eldste fiskarlaget i fylket etter Florø.
Losje Statt
av I.O.G.T. vart skipa i 1906. Den var ei vidareføring av ein barnelosje som vart skipa i 1903. Losjen gav ut det handskrivne medlemsbladet ”Samhald”. - Sjå elles under Sogn og Fjordane fylke - artiklar om fråhaldsrørsla og I.O.G.T. i Nordfjord.
Losje Ulabrand
i Refsnes krins vart skipa i 1907.
Selje Sanitetsforening
vart skipa i 1911 av Sara Jensen og Inga Nybø. Foreininga stod sentralt i arbeidet med bygging av aldersheim og helsetun på 1950- og 1960-talet. - Sjå eigen artikkel om dette under: Helsestell i Selje.
Fure Indremisjon
vart skipa truleg i 1914.
Barmøen og Pollernes Fiskeriforening
vart skipa i 1914. Frå 1938 var namnet Barmøy Fiskarlag.
Barmøy Fiskarlag
- sjå Barmøen og Pollernes Fiskeriforening.
Ytre Stadlandet Indremisjon
vart skipa i 1916.
Stadlandet fiskarlag
vart skipa i 1918.
Barmøy ungdomslag
vart skipa i 1918. Laget fekk eige ungdomshus i 1933.
I.O.G.T-losje Havlys
på Flatraket vart skipa i 1922.
I.O.G.T.-losje Eidshorn
på Eide i Moldefjorden vart skipa i 1922.
I.O.G.T.-losje Ulabrand
for bygdene på ytre Stadlandet vart skipa i 1924.
Ungdomslaget ”Arne Garborg”
vart skipa i 1924 og var ungdomslaget for grendene kring Moldefjorden.
Framtidsvon Ungdomslag
i Kjødepollen vart skipa i 1925.
I.O.G.T.-losje St. Sunniva
vart skipa som distriktslosje for losjane i Selje og Vågsøy i 1927.
Stor- og Vårsildlaget
skipa i 1929 eit lokallag i Selje. Seinare gjekk dette og liknande lag langs kysten inn i Noregs Sildesalslag. - Les meir om dette under Sogn og Fjordane fylke: Næringsorganisasjonar.
Pinsevenene
skipa eiga gruppe på Stadlandet i 1931 med Hans Drage som leiar. I 1947 fekk pinsevenene sitt eige hus - Filadelfia, og pinsevenlyden tel no kring 80 medlemer.
Kjødepollen Indremisjon
vart skipa i 1932.
Stokkevåg Indremisjon
vart skipa i 1932.
Moldestad Indremisjon
vart skipa i 1933.
Honningsvåg Indremisjon
vart skipa i 1935.
Hoddevik Indremisjon
vart skipa i 1936.
Borgundvåg Indremisjon
vart skipa i 1936.

Bedehuset på Leikanger. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Stadlandet Indremisjon
vart skipa i 1937.
Barmøy Indremisjon
vart skipa i 1937.
Selje Idrettslag
vart skipa i 1937 etter opptak av handelsforeiningsstyrar Joakim Sæbø.
Selje Kloster idrettslag
- sjå Selje Idrettslag.
Selje Idrettsforening
- sjå Selje Idrettslag.
Selje Idrottslag
- sjå Selje Idrettslag.
Nordpoll Indremisjon
vart først skipa som ungdomsforeining i 1941 og som vanleg indremisjonslag i 1975.
Barmøy Kristelege ungdomslag
vart skipa i 1943.
Flatraket Indremisjon
vart skipa truleg i 1943.

Forsamlingshuset på Leikanger. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Stadlandet ungdomslag
vart skipa i 1947. Laget bygde eige ungdomshus.
Stadlandet Idrettslag
vart starta i 1949. Laget bygde idrettsbane ved Stadlandet skule i 1979, og bana fekk kunstgras i 2008.
Ungdomslaget Framsteg
i Selje vart skipa i 1946 og er eit framhald av Hove kristelege ungdomslag. I samarbeid med Selje Idrettslag bygde laget Selje samfunnshus i 1954.
Hove kristelege ungdomslag
- sjå Ungdomslaget Framsteg.
Selje samfunnshus
- sjå Ungdomslaget Framsteg.
Stadlandet skulemusikk
vart skipa i 1966.
Selje Skulekorps
vart skipa i 1970.
Flatraket skulekorps
vart skipa i 1970.
Flatraket Idrettslag
vart skipa i 1976. Laget opna fotballbana i 1986.
Årsheim Idrettslag
vart skipa i 1977.
Selje Pensjonistlag
vart skipa i 1978.
Stadt Pensjonistlag
vart skipa i 1978.
Ytre Nordfjord Turlag
vart skipa i 1985.
Selje og Vågsøy Bonde og småbrukarlag
vart skipa i 2000 ved at Vågsøy bonde og småbrukarlag gjekk saman med bønder i Selje om eitt felles lag.
Stad Landskap
vart skipa i 2000 og har som mål å ivareta miljø- og naturverdiane i Selje kommune. Laget har arbeidd aktivt imot planar om å byggje vindmølleparkar på Stadhalvøya.
Stadsurfing
surfesenter vart starta i Hoddevik i 2002 av Torkild Sandvik. Grunnlaget for Stadsurfing er dei gode tilhøva som Hoddeviksanden byr på for bylgjesurfarar. Firmaet leiger ut og sel utstyr og har overnattingsplass for 24 gjester.

Surfar i Hoddevik. Foto: Torje Bjellaas, NRK.
Venner av Selja Kloster
vart skipa i 2005 og arbeider for å fremje dei kulturelle og historiske verdiane knytt til klosteret på Seljeøya. Laget arbeidet m.a. for å få klosterruinane inn på UNESCO si verdsarvliste og for å få reist eit klostersenter i Selje.
Frivilligsentralen
i Selje vart opna i 2006. Det var Nils Sætren som tok initiativet til å få sentralen skipa. Sentralen hjelper eldre og uføre med ulike tenester og driv også ein liten kafé i Selje.
Selje næringsforening
som omfattar alle næringslivsbransjar i kommunen, vart skipa i 2007. Frå før var det skipa ei Stadlandet bedriftsforening med 35 medlemer.
Stadlandet bedriftsforening
- sjå Selje næringsforening.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 20.10.2011