Lag og organisasjonar i Sogndal

Sidan 1970-talet har fotballaget til Sogndal gitt tilhengarane mange gledesstunder på Fosshaugane. Foto: Oddleif Løset, NRK.
Idretten i Sogndal
- fotball, skyting, ski, hest, Sognahallen m.m.
Nedanfor er omtalar av ein del andre lag, organisasjonar og kulturinstitusjonar i Sogndal, ordna etter oppstartsår:
Haugianarar og Blåbokianarar
Hans Nielsen Hauge var på reise gjennom Sogndal, Hafslo og Luster i 1802 og skipa mange ”veneflokkar” i desse bygdene.
Hans Nielsen Hauges Venner
– sjå Haugianarar og Blåbokianarar. .
Dei heilage
– sjå Haugianarar og Blåbokianarar.
Sogndal Sogneselskab
vart skipa av opplysningspresten Peder Pavels Aabel kring 1830. – Les meir om dette laget sine aktivitetar i artikkelen: Meierihistoria i Sogndal.
Fråhaldsrørsla uvanleg tidleg ute
Alt i 1844 fekk sokneprest Ole Christian Berner starta eit fråhaldslag i Sogndal.

Medlemene i Prestegardsmisjonen i Sogndal samla til fotografering på 1950-talet saman med dei to prestane Asbjørn Skram og Ragnvald Torvanger. Framme frå venstre: Astrid Vatlestad, Marta Hillestad, ukjend, Asbjørn Skram, Kari Skram, Jakobine Torvanger, Ragnvald Torvanger og Gjertrud Navarsete. Andre rekkja: Kirstina O. Åberge, Anna Faleide, Ingebjørg K. Reppen, Maria Ormalseng, Kari Bakken, Ingebjørg Kjørlaug, Ingebjørg H. Stedje, Brita Ness, Johanna Veum, Berta P. Loftesnes og Kristina O. Ølnes. Bak: Ukjend, Elisabeth Ness, ukjend, Anna Bergheim, Astrid Stedje, Olina Bøyum, ukjend, Unni Johannessen og Josefina Loftesnes. Ukjend fotograf. Eigar: Johan Johannessen/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
Sogndals Misjonsforening
vart skipa i 1855, men hadde uformelt vore i verksemd nokre år før. Det hadde frå starten 87 medlemer. Det vart medlem av ei fellesforening for indre Sogn som vart skipa i Hafslo i 1853.

Sogndal Songlag på tur i 1930. Her har dei stilt opp for fotografering på Tyin. Ukjend fotograf. Eigar: Sogndal Sogelag/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
Sogndal Songlag
vart skipa i 1879, men var dei første åra ei rein mannsangforening med eit kor på 25 medlemer. Miljøet kring Sogndal Folkehøgskule, som starta i 1871, hadde stor innverknad på at koret vart starta. Wilhelm Flugheim (sjå denne) var den bærande krafta i laget gjennom 50 år. Koret heldt m.a. konsert då kronpins Olav og kronprinsesse Märtha vitja Høyanger i 1933.

Frå eit skodespel i ungdomshuset Solhov.
Sogndal Ungdomslag
vart skipa i 1888.
Tylden Misjonslag
i Sogndalsdalen vart skipa i 1889.
Sjur Ulness og metodistane i Sogndal
Sjur Ulness bygde i 1893 den første metodistkyrkja i Sogn og Fjordane i Sogndal. Huset vart kalla «Sion». Han flytta til Vik i 1893, og du kan lese meir om Sjur Ulness (Ølnes) under Vik kommune. Metodisthuset i Sogndalsfjøra vart i 1898 overteke av Sogndal Ungdomslag og nytta som forsamlingshus fram til Solhov vart bygt i 1932.
Sogndal Sjukepleieforening
vart skipa i 1903. Laget fekk straks tilsett helsesyster, og arbeidde seinare for å få bygt pleieheimen i bygda - Les eigen artikkel om pleieheimen under: Helsestellet i Sogndal.

Ungdomshuset Skogly. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Kaupanger Ungdomslag
vart skipa 1909. Ungdomshuset Skogly vart bygt i 1925, og fekk stort påbygg på slutten av 1970-talet.

Medlemer i Sogndal Husmorlag fotografert i lokalet til Frelsesarméen tidleg på 1960-talet. Foto: Per Ingar Sviggum. Eigar: Johan Johannessen/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
Frelsesarméen i Sogndal
Frelsesarméen starta korps i Sogndal i 1915, då kaptein Ragna Andersen og løytnant Anna Thorvik kom dit. I 1933 fekk korpset eige hus. Utanom Sogndal, har Frelsesarméen hatt korps i Vik, Florø og Måløy.
Thranittar-rørsla i Sogndal
- sjå: Thrane-rørsla og Lærdal.

Kåre Lerum er mellom dei som har lagt ned ein stor innsats for Sogndal Musikklag.
Sogndal Sogelag
vart skipa i 1920 av Vilhelm Christian Flugeim. I tida frå 1921 til 1941 gav Sogndal Sogelag ut ni fyldige årbøker under tittelen «Heimbygdi vår Sogndal». Mesteparten av stoffet i desse vart samla av Flugeim gjennom gratisarbeid. Frå 2000 har Sogndal Sogelag gått saman med Fjærland Sogelag og gjeve ut eit årleg historiehefte for storkommunen.
Sogndal Musikklag
Sogndal Hornmusikklag vart skipa i 1928. Laget vart medlem i det nyskipa Sogn Musikklag i 1932.
Sogndal skulemusikk
vart starta i 1947 som eit «gutelag», men vart skipa som ope lag for begge kjønn i 1955 – sjå Sogndal Musikklag.

Nuken er eitt av dei mest populære turmåla i Sogndal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Sogndal Bondekvinnelag
vart skipa i 1947. I 2007 bytte laget namn til Sogndal bygdekvinnelag.
Sogndal Turlag
vart skipa i 1976. Turlaget hadde i 2009 vel 500 medlemer og eig i 2011 hytte på Grøssete i Breheimen og Råkeneset i Solund.
Galleri Rones og biletkunstnarane
I 1976 organiserte fleire kjende biletkunstnarar i Sogn seg i Sognefjordgruppa.
Sognefjordgruppa
- sjå Galleri Rones og biletkunstnarane.
Norane skule- og ungdomskorps
vart skipa i 1979.

Frå ein konsert på uteplassen til studentane, Meieriet. Foto: Eivind Nordvik Hauge.
Studentveka
- eller Veka som den vert kalla – vart starta i 1980 av studentane ved Distriktshøgskulen i Sogndal, og har sidan vore ei årleg tilskiping. Ein revy stod sentralt i Veka dei første åra. det same gjorde temadebattar og populærførelesningar.

Kulturhuset i Sogndal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Sogndal Kulturhus
vart opna i 1991. Kjellaretasjen var påbyrja nokre år tidlegare, men vanskar med finansieringa gjorde at det drygde før ein fekk fullført bygget. Kulturhuset inneheld m.a. kino- og teatersal, Sogndal Bibliotek og undervisningslokale for Høgskulen i Sogn og Fjordane.
Fjøra trekkspelklubb
vart starta i 2012.

I Eidet har sogndølene ein fin badeplass. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 04.12.2012