Hopp til innhold
X
Innhald

Lag og organisasjonar i Vik

Vik har hatt og har framleis eit rikt lags- og organisasjonsliv. Dette er Vikørens guttekorps med 12 munnspel, eit triangel og ei skarptromme i 1914. Foto: O. P. Fosse. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

Vik har hatt og har framleis eit rikt lags- og organisasjonsliv. Dette er Vikørens guttekorps med 12 munnspel, eit triangel og ei skarptromme i 1914. Foto: O. P. Fosse. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

Skipingsår og hendingar i dette oversynet er sett opp årstalskronologisk.

Viig Præstegjelds Landboeselskab

vart skipa i 1858 av Chr. Christensen (sjå denne) , som seinare også var formann i Sogn og Fjordane Landbruksselskap.

Forening til Sædelighedens Fremme

I 1860 vart det skipa ei "Forening til Sædelighedens Fremme" i Vik. Den skulle først og fremst føre ein nådelaus kamp mot "Natteløberiet" - d.v.s. få gutane bort frå den usedelege skikken med å oppsøkje jentene om natta.

Vik Songlag i 1936, truleg det eldste songlaget i Sogn og Fjordane. Foto: Ole P. Fosse. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv

Vik Songlag i 1936, truleg det eldste songlaget i Sogn og Fjordane. Foto: Ole P. Fosse. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv

Vik Songlag

vart skipa i 1867 og er truleg det eldste songlaget i Sogn og Fjordane.

Vik Bondevensforening

vart skipa i 1870.

Frilynde ungdomslag i Vik

Vangsnes fekk det første ungdomslaget i Sogn i 1871.

Fotballaget til Vik som i 2008 vann 4. divisjon og rykte opp til 3. divisjon. Foto: Vik idrettslag.

Fotballaget til Vik som i 2008 vann 4. divisjon og rykte opp til 3. divisjon. Foto: Vik idrettslag.

Idretten i Vik

Fresvik skyttarlag, skipa i 1875, er det eldste idrettslaget i kommunen.

Det norske Misjonsselskap

skipa kvinneforening i Flatbygdi i 1873, men i 1848 vert det omtala at det alt då skal vere skipa eit misjonslag i Vik. På same tid skal det også ha vore skipa misjonslag i Lavik, Leikanger, Mundal, Hafslo, Solvorn, Lærdal og Sogndal. Alle desse foreningane låg under Bergens Missionskreds. I Arnafjord vart misjonsforeninga skipa i 1864. Foreninga var i drift til 1990.

Det norske Misjonsselskap si foreining i Vik på 1920-talet. Ukjend fotograf. Eigar: Anna Holstad/Vik lokalhistoriske arkiv.

Det norske Misjonsselskap si foreining i Vik på 1920-talet. Ukjend fotograf. Eigar: Anna Holstad/Vik lokalhistoriske arkiv.

Gamlemisjonen

skipa forening i Ovrisdalen i 1882. Gamlemisjonen var den folkelege namnet på Det Norske Misjonsselskap. Laget var i aktivitet til 1982.

Vik Totalafholdsforening

vart skipa i Vik i 1885. Laget vart grunnstammen i eit svært sterkt og aktivt fråhaldsmiljø i bygdene på sørsida av Sognefjorden. I dei mest ihuga arbeidsåra vart det drive ein beinhard medlemstukt der til og med angiveri var tillate.

Sjømannsmisjonen i Vik samla framfor prestebustaden 29. mai 1953. Foto frå Pridlao. Eigar: Anna Hove Vange/Vik lokalhistoriske arkiv.

Sjømannsmisjonen i Vik samla framfor prestebustaden 29. mai 1953. Foto frå Pridlao. Eigar: Anna Hove Vange/Vik lokalhistoriske arkiv.

Sjømannsmisjonen

fekk lokalforening i Vik i 1887. Misjonsforeninga vart lagd ned i 1990.

Den bitre målstriden i Vik

I åra frå 1890 til 1920 skapte kampen om undervisningsmålet i skulen og nynorsk i kyrkja mykje fiendskap i bygdene i fylket. I Vik spissa konfliktene mellom boksmålsfolk og nynorskfolk seg til i 1889.

Bedehusa i Vik

Vik bedehus vart bygt i 1891.

Arnefjord Sogneselskab

vart skipa i 1891. Sokneselskapa var nemninga på lag som skulle fremje jordbruket i bygdene. Laget i Arnafjord kjøpte inn avlsdyr, og fremja også krav om telefonsamband og rutebåtsamband til bygda.

Vik Sokneselskap

var skipa 1891, og endra seinare namn til Vik Jordbrukslag. Laget arbeidde m.a. med å odle fram gode avlsdyr, og Vik vart på dette feltet ei føregangsbygd.

Juniorsoldatar i Frelsesarmeen rundt 1950. Framme frå venstre: Hjørdis Svendsen, Kristin Svendsen, Gunvor Johnsen, Edith Lilleøren og Tordis Vårland. Bak: Gjertrud Grov, Reidar Fedje, Guttorm Christensen, Magnar Svendsen og Margit Atterås. Bak til venstre står kaptein Gerda Terjesen og til høgre løytnant Fredhøy. Foto frå Pridlao. Ukjend fotograf. Eigar: Marie Christensen/Vik lokalhistoriske arkiv.

Juniorsoldatar i Frelsesarmeen rundt 1950. Framme frå venstre: Hjørdis Svendsen, Kristin Svendsen, Gunvor Johnsen, Edith Lilleøren og Tordis Vårland. Bak: Gjertrud Grov, Reidar Fedje, Guttorm Christensen, Magnar Svendsen og Margit Atterås. Bak til venstre står kaptein Gerda Terjesen og til høgre løytnant Fredhøy. Foto frå Pridlao. Ukjend fotograf. Eigar: Marie Christensen/Vik lokalhistoriske arkiv.

Frikyrkje og Frelsesarmé

Den første kjende frikyrkjelyden i Sogn og Fjordane vart skipa i Vik av metodistpresten Sivert V. Ulness. Han kom frå Sogndal, hadde vore ein tur i Amerika, og skreiv difor om etternamnet til "Ulness

Seljedalen misjonsforening

av Det Norske Misjonsselskap vart skipa ein gong mellom 1890 og 1895.

Kinamisjonen

skipa lokalforening i Ovrisdalen i byrjinga av 1900-talet.

Vik mållag

vart skipa i 1902.

Ungdomslaget ”Liv”

på Sylvarnes vart skipa i 1902 av lærar Arne Austrheim. Laget vart lagt ned i 1908 då Austrheim reiste frå bygda, men vart teke opp att i 1920.

Sylvarnæs Landboforening

vart skipa på Sylvarnes i 1904. Føremålet var å organisere feavl og drive opplysningsarbeid og modernisering i landbruket i bygda.

Vik Riksmålsforening

vart skipa i 1908.

Vik Sykepleieforening

vart skipa i 1910 av distriktslege O. Thesen. Laget fekk like etter starten tilsett eiga helsesyster, Johanns Hønsi, og laget bygde gamleheim i 1920. Seinare bytte laget namn til Vik Helselag.

Vik Helselag

– sjå Vik Sykepleieforening.

Feios Sjømannsforening

vart skipa i 1910.

Fresvik sjømannsmisjonslag

vart skipa i 1910.

Sylvarnes fråhaldslag

vart skipa i 1911 og var i drift til 1924.

I.O.G.T.-losje Verneheim

var ein barnelosje som vart skipa i Vik før 1913, for frå det året finst det protokollar. I Vik kommune er er det dessutan registrert ein ”Losje Vikingskjold” i Vik og ”Losje Frøysvik” i Fresvik, men skipingsår og andre detaljar vantar.

I.O.G.T.-losje Vikingskjold

– sjå I.O.G.T.-losje Verneheim.

I.O.G.T.-losje Frøysvik

– sjå I.O.G.T.-losje Verneheim.

I.O.G.T.-losje Frøysvik. Foto: Sørå. © Vik lokalhistoriske arkiv.

I.O.G.T.-losje Frøysvik. Foto: Sørå. © Vik lokalhistoriske arkiv.

Finnemisjonen

skipa lokallag i Ovrisdalen i 1918. Laget fekk namnet ”Dalrosa” var i drift til 1948.

Fresvik jentelag

vart skipa i 1919. Det var organisert under Det Norske Misjonsselskap.

Dalens Santalmisjonsforening

vart skipa i Fresvik i 1921.

Vangsnes kristelege ungdomslag

av NKUF vart skipa i 1923. Laget hadde eiga lagsavis som heitte ”Vårsol”.

Kinamisjonen

fekk lokalforening i Seljedalen ein gong på 1920-talet.

Fresvik Misjonsbarnelag

vart skipa i 1926. Laget vart lagt ned i 1943.

Song Songarlag

skipa til det første songarstemnet i Vik i 1926.

Fresvik Helselag

vart skipa i 1930 med 18 medlemer frå starten. Laget vart innmeldt i Nasjonalforeningen for Folkehelsen i 1932. Laget fekk i gang skuletannrøkta i bygda i 1932, og spebarnskontroll i 1948. Helselaget samla inn 120.000 kroner til bygdaheimen som stod ferdig i 1987.

Fresvik Arbeidar- og Småbrukarlag

vart skipa i 1931. Erling Breilid var medskipar og leia laget i mange år. Laget stilte fleire gonger eiga liste ved kommunevala i Leikanger kommune.

Framfjord kristelege ungdomslag

vart skipa i 1932 etter ei vekkjing i bygda.

Vik Musikklag i 17. maitoget på Vikøyri på 1950-talet. Foto: Andreas Hove. Eigar: Olaf Hove/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Vik Musikklag i 17. maitoget på Vikøyri på 1950-talet. Foto: Andreas Hove. Eigar: Olaf Hove/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Vik Musikklag

vart skipa i 1933. Vik hadde før det hatt militærmusikk sidan 1893 og så lenge Vikjamoen var i drift som eksersisplass. Det var tidlegare militærmusikarar som gjorde opptaket til skiping av Vik Musikklag. Musikklaget talde ved 75-årsjubiléet i 2008 33 medlemer.

Dale kvinnelag

av Santalmisjonen vart skipa i Arnafjord i 1936. Laget bytte seinare namn til Framfjord Santallag. Ein kort periode var det også eit lag i bygda som arbeidde for Israelsmisjonen.

Framfjord Santallag

– sjå Dale kvinnelag.

Sylvarnes Kvinnelag

vart skipa i 1936. Inntekter frå basarar og lignende har gått til Den Norske Sjømannsmisjon.

Arnafjord Fråhaldsungdomslag

vart skipa på Nese i 1936 og var i drift til like etter 2. verdskrig.

Sylvarnes Kvinnelag

vart skipa i 1936. Inntekter frå basarar o.l har gått til Den Norske Sjømannsmisjon.

Vik Husmorlag

vart skipa i 1937. Seinare bytte laget namn til Vik Kvinne og Familielag.

Vik Kvinne og Familelag

– sjå Vik Husmorlag.

Seljedalen sjømannsforening

vart skipa i 1941 av Gyrid Turvoll. Laget var knytt til Den indre sjømannsmisjonen. I 1991 vart sjømannsforeninga slegen saman med den lokale misjonsforeninga i Seljedalen.

Fresvik 4H

vart skipa i 1959 med 36 medlemer frå starten.

Vik Skulekorps på slutten av 1960-talet, med dirigent Arne Sandvoll til høgre for musikantane. Foto: Olaf Hove. Eigar: Olaf Hove/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Vik Skulekorps på slutten av 1960-talet, med dirigent Arne Sandvoll til høgre for musikantane. Foto: Olaf Hove. Eigar: Olaf Hove/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Vik Skulekorps

vart skipa i 1964. Berre gutar var med i korpset fram til 1970, då jentene også kom med. Tidleg på 1970-talet fekk skulekorpset drillgruppe.

Vik pensjonistlag

vart skipa i 1972.

Arnafjord pensjonistlag

vart skipa i 1978.

Fresvik pensjonistlag

vart skipa i 1979.

Vik Husflidslag

vart skipa i 1983. Ved 20-årsjubiléet i 2003 hadde laget 42 medlemer.

Bondekvinnelaget i Vik på tur til Arnafjord i 1983. Frå venstre Agnes Seim, Magnhild Hønsi, Aslaug Refsdal og Lussi Aase. Ukjend fotograf. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Bondekvinnelaget i Vik på tur til Arnafjord i 1983. Frå venstre Agnes Seim, Magnhild Hønsi, Aslaug Refsdal og Lussi Aase. Ukjend fotograf. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Vik Bonde og småbrukarlag

vart skipa i 1990.

Kommunekorpset

er eit musikklag som vart skipa i Vik kommune i samband med kommuneutvidinga i 1992 då Feios og Fresvik kom med i Vik kommune. Kommunekorpset er samansett av musikantar frå Vik Musikklag, Vik Skulekorps, Feios skule og ungdomskorps og Fresvik skulekorps.

Vik Turlag

vart skipa i 2001.

Turisthytta på Målsete

- sjå Vik Turlag.

Vik Utferdslag

- sjå Vik Turlag.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.07.2011