Hopp til innhold
X
Innhald

Laksefisket i Årøy

I Årøyelvi er det bygt brygger ute i elva som laksefiskarane kunne stå på. Dette prospektkortet er frå 1910. Ukjend fotograf. Eigar: Atle Bondevik/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

I Årøyelvi er det bygt brygger ute i elva som laksefiskarane kunne stå på. Dette prospektkortet er frå 1910. Ukjend fotograf. Eigar: Atle Bondevik/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Årøyelvi er den korte og fosserike elva som kjem frå Hafslovatnet og renn ut inst i Barnesfjorden.

Årøyelvi med kraftstasjonen i 2007. Det er framleis laksebrygger i elva. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Årøyelvi med kraftstasjonen i 2007. Det er framleis laksebrygger i elva. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Kjempelaksen i Årøyelvi

Frå Helvetesfossen og opp til Hafslovatnet er elva så godt som turrlagt av kraftregulering, men den 700 meter lange Årøyelvi nedanfor kraftstasjonen er kjend som ei av dei beste lakseelvane på Vestlandet. Den strie straumen er truleg grunnen til at det har avla seg fram ein spesielt kortvaksen og kraftig laksetype.

Tre år i sjøen

I 1910 oppdaga forskarar at ein grunn til storleiken på Årøylaksen var at den hadde vore tre år lengre i sjøen enn det som var vanleg for andre laksestammar. Før ein vart meir merksam på verdien av å avle på lokale laksestammar, vart yngel frå Årøy brukt som setjefisk i fleire elvar på Vestlandet.

På austsida av elva var det proprietær (jordeigar) Christoffer Hartvig Munthe (1838-1925) som rådde over fiskeretten. Alt i 1857 vert det nemnt at det var bygt klekkeri på garden, og Munthe tok til å leige ut fiskeretten frå 1867.

Kongelege og andre rikfolk

Det eksklusive fisket etter kjempelaksen i Årøyelvi har sidan midten av 1800-talet vore reservert dei som kunne betale best for seg. Her har både kongelege, adelege og rikfolk frå heile verda fiska. I 1906 fiska m.a. den britiske kongen i elva. Frå 1921 vart fiskeretten leigd ut til den siste finansministeren til tsaren i Russland, Nicholas Denisoff.

34 kilos laks

Den største laksen som er teken i Årøyelvi vog nesten 34,1 kilo og vart fiska på 1990-talet av den eksentriske briten Wilfred Burton Rowley Kennedy som budde på Bahus i Sogndal. På 1930-talet vart det fiska ein laks som vog 32,1 kilo, og i 1941 ein på 31,8 kilo.

Klekkeriet i Årøy. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Klekkeriet i Årøy. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Les meir:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.08.2011