Hopp til innhold
X
Innhald

Laksefisket i Vik

Paul Nødtvedt med ein laks på 18,5 kilo i Djuvik i 1960. Ukjend fotograf. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

Paul Nødtvedt med ein laks på 18,5 kilo i Djuvik i 1960. Ukjend fotograf. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

Laksefisket med sitjenot var viktig inntektskjelde for mange gardar langs fjorden i eldre tider. I Vik kommune var det 35 sitjenøter (lakseverpe) - sjå lista: Lakseverpa i Vik.

Laksefisket kunne gje svært gode inntekter: I 1958 les vi i «Sogningen» at det berre på ein dag vart teke 23 laksar i lakseverpet i Borlaug. Laksen hadde ei gjennomsnittsvekt på sju kilo.

I Fresvik starta Jens O. Hov (1868-1956) laksemottak med ishus i 1893. Han dreiv til 1936 og vart avløyst av Kristian Grundeland som laksekjøpar i bygda.

Frakteskipper Edvard Simlenes frå Fresvik gjekk i mange år midt på 1900-talet i «lakserute» frå Sogn til Bergen med båtane «Workman» og «Bjørg». Isen som skulle halde fisken fersk, vart skoren på Eidevatnet i Skjolden - sjå Sogn Iscompagni.

”Workman” gjekk i lakserute til Bergen. Ukjend fotograf. Eigar: E. Simlenes/Vik lokalhistoriske arkiv.

”Workman” gjekk i lakserute til Bergen. Ukjend fotograf. Eigar: E. Simlenes/Vik lokalhistoriske arkiv.

Bøthun notlag i 1968. Ukjend fotograf. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

Bøthun notlag i 1968. Ukjend fotograf. Eigar: Vik lokalhistoriske arkiv.

Anders J. Sværen med ein laks på vel 16 kilo som han tok i Vikja. Årstalet er 1918 eller 1919. Ukjend fotograf. Eigar: Erling Sværen/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Anders J. Sværen med ein laks på vel 16 kilo som han tok i Vikja. Årstalet er 1918 eller 1919. Ukjend fotograf. Eigar: Erling Sværen/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Stamlaksbasseng

I elva ved saga i Fresvik bygde Sogn Laksestyre stamlaksbasseng i 1963. Det var medlemer av Sogn laksefiskarlag som forsynte anlegget med stamlaks for yngelproduksjon til elevane i fjorden. Ved elva vart det grave dammar som fisken gjekk i. Første året vart det stroke 47 laksar. Det felles stamlaksanlegget vart styrt av Isak Hauglum og var i bruk til 1985. Sidan har det berre vorte satsa på utsetjing av yngel frå stadeigen stamlaks frå kvar elv.

- Om smoltoppdrett - sjå: Oppdrettsanlegg i Vik.

Vikja - første gyrodactylus-elv i Noreg

I 1980 vart det oppdaga at laksen i Vikja var smitta av parasitten gyrodactylus salaris. Dette var første gong at det var oppdaga gyrodactylus-åtak i ei norsk lakseeelv. Smitten var komen med setjefisk frå Statens forskingsstasjon for laks på Sunndalsøra, som igjen hadde fått smitten inn med stamfisk frå Sverige.

Både Vikja og den andre elva i Vik - Hopra - vart straks rotenonbehandla, og all fisk vart drepen.

Rotenonbehandlinga var vellukka, for sidan er det ikkje oppdaga «gyro» i dei to elvane. Men røynde sportfiskarar meiner at fisken etter neddrepinga av stammen har vorte meir småfallen.

Kortare lakseførande strekk

Den lakseførande delen av Vikja er etter kraftreguleringa kring to kilometer lang og går opp til utløpet ved kraftstasjonen på Hove. Før utbygginga av Vikfalli var kring seks kilometer lakseførande.

Vikja var den første elva i landet som vart smitta av lakseparasitten gyrodactylus salaris. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vikja var den første elva i landet som vart smitta av lakseparasitten gyrodactylus salaris. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.07.2011