Laksefreding i Gaular

Dalsfjorden er mellom dei nasjonale laksefjordane. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Dalsfjorden og Gaula er mellom dei 52 vassdraga og 29 fjordane i Noreg der det er innført eit spesielt vern for den naturlege villkasstammen. For elvane tyder vernet at det er sett ned forbod mot t.d. kraftregulering, og for fjordane gjeld det forbod mot nye oppdrettsanlegg innanfor ei sett grense ved fjordmunningen.
I Dalsfjorden gjeld vernet innanfor ei line frå Holmedal til Straumsnes.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 23.09.2010