Laksefreding i Lærdal

Lærdalselvi ved Stødno. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Lærdalselvi, Flåmselvi, Nærøydalselvi, Vikja og Årøyelvi, saman med Sognefjorden innanfor ei grense frå Ortmark til Nessane, er mellom dei 52 vassdraga og 29 fjordane i landet der villaksen har fått eit nasjonalt vern. Vernet gjer at det er sett forbod mot nye oppdrettsanlegg i fjorden innafor den verna sona, og at det m.a. er sett forbod mot kraftregulering i verna vassdrag.

Lærdalsfjorden sett frå vegen til Sognal lufthamn Haukåsen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 16.05.2011