Hopp til innhold
X
Innhald

Lakselordar og fjellklatrarar dei første turistane

Laksefiskarar i Stryneelva i 1910. Mennen ved dei fremste årane er Ivar Eikenæs. Foto: Jens K. Maurseth. © Fylkesarkivet.

Laksefiskarar i Stryneelva i 1910. Mennen ved dei fremste årane er Ivar Eikenæs. Foto: Jens K. Maurseth. © Fylkesarkivet.

Dei første engelske «lakselordane» dukka opp i Indre Nordfjord på 1860-talet. Første sportsfiskaren i Stryn, skotten mr. James Cowan, leigde Stryneelva for 10 år i 1874.

Han budde fast på Storgarden Vik. (Då bonden i Vik gjekk fallitt, sikra mr. Cowan seg ei stor sølvkanne på tvangsauksjonen!).

Oldenelva vart frå 1871 leigd av engelskmannen Mr. Edm. Byron, som bygde seg sommarhus på Brynestad. Her budde han fram på 1890-talet og hadde m.a. keisar Wilhelm II av Tyskland og kong Oscar II av Sverige/Noreg som gjester. Då amerikanaren William Henry Singer jr. kom til Olden i 1912, leigde han fisket i Oldenelva.

Klepparlegende frå Olden

- Ein legendarisk kleppar frå Olden var Halstein Halsteinson Muri, som var kleppar for engelske sportsfiskarar fleire stader på Vestlandet. Engelskmannen J. Arthur Hutton gav ut boka ”The Reminiscences of Halstein Muri” om den kjende klepparen sine merittar.

Loen med Hotel Alexandra og Kvammes Hotell før 1900.

Loen med Hotel Alexandra og Kvammes Hotell før 1900.

Hotella lokka med laksefiske

Hotel Alexandra leigde i 1893 Loenelva for 100 kroner pr. år, og baud hotellgjestane gratis laksefiske. Det var heller ikkje uvanleg at rike laksefiskarar kjøpte opp gardar som hadde fiskerett i elvane. Det skjedde både i Lærdal, i Osen i Gaular og i Stryn: I 1906 kjøpte konsul Joh. Gran frå Bergen eit bruk på Kyrkjeeide. Då han tre år seinare selde det, heldt han unna fiskeretten i Stryneelva til seg sjølv.

Amerikanar leigde heile Stryneelva

Like ved Gjørvenfossen i Stryneelva ligg den kjende sportsfiskarvillaen «Lysvoll», som vart bygd av Sivert Jonson Strauri 1892 like nedanfor Gjørvenfossen for utleige til rike laksefiskarar. Den mest kjende av desse var den rike amerikanaren E. C. Monell og seinare sonen Andy Monell, som leigde heile Stryneelva frå kring 1960 til inn på 1990-talet. Kong Harald V er ein av dei som har fiska laks ved Lysvoll.

Keisar Wilhelm prøver fiskelukka i Oldenelva. Han får gode råd av Lord Byron.

Keisar Wilhelm prøver fiskelukka i Oldenelva. Han får gode råd av Lord Byron.

Fjellklatring og keisarvitjing

Det var også god reklame at kjende fjellklatrar som William Slingsby kom til Nordfjord og klatra Lodalskåpa i 1884. Han hadde ofte fylgje av fjellføraren Lars Janson Batalden (fødd 1841 i Flora kommune).

Det gav også god Nordfjord-reklame at den tyske keisar Wilhelm II ofte vitja fjorden med heile sitt fylgje, første gong i 1890. Oscar II av Sverige-Noreg kom på vitjing i 1896.

- Sjå elles oversynet Kongevitjingar i Stryn.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.03.2011