Laksevern i Førde

Den indre delen av Førdefjorden er no nasjonal laksefjord. Biletet er teke mot Klopstad. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
I 2006 vart Førdefjorden vest for Ålesundet utpeika som såkalla nasjonal laksefjord der det er sett forbod mot nye oppdrettsanlegg. Samstundes vart Nausta peika ut som eitt av i alt 52 nasjonale laksevassdrag, der det m.a. er sett forbod mot kraftutbygging som kan truge den naturlege villaksstammen.
Førdefjorden og Nausta er mellom dei 52 vassdraga og 29 fjordane i Noreg der det er innført eit spesielt vern for den naturlege villaksstammen.

Førdefjorden sett frå fjellet Fauskevarden. Der fjorden smalnar av i vest er Ålesundet. Innanfor er det nasjonal laksefjord. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 02.12.2010