Hopp til innhold
X
Innhald

Laksevern i Naustdal

Ved Russenes rett utanfor Ålesundet ligg det eit oppdrettsanlegg. Innanfor Ålesundet er det ikkje lenger lov å drive oppdrett. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ved Russenes rett utanfor Ålesundet ligg det eit oppdrettsanlegg. Innanfor Ålesundet er det ikkje lenger lov å drive oppdrett. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I 2006 vart Førdefjorden aust for Ålesundet utpeika som såkalla nasjonal laksefjord der det er sett forbod mot nye oppdrettsanlegg. Samstundes vart Nausta peika ut som eitt av i alt 52 nasjonale laksevassdrag, der det m.a. er sett forbod mot kraftutbygging som kan truge den naturlege villaksstammen.

Førdefjorden og Nausta er mellom dei 52 vassdraga og 29 fjordane i Noreg der det er innført eit spesielt vern for den naturlege villaksstammen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.06.2015