Hopp til innhold
X
Innhald

Landbruket i Gloppen

Mjølkekyr på beite i Breim. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Mjølkekyr på beite i Breim. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gloppen kommune er i dag den klart største jordbrukskommunen i Sogn og Fjordane. 14 prosent av mjølka til sentralmeieriet på Byrkjelo kjem frå Gloppen, og bygdene har rike tradisjonar med utvikling av binæringar til gardsdrifta med pelsdyravl, frukt og bær.

I år 2000 leverte bøndene i Gloppen 14,6 millionar liter ku- og geitemjølk til Tine Meieriet Vest BA. Kommunen hadde då 235 mjølkeleverandørar. I 2004 står Gloppen for 14 prosent av den samla mjølkeproduksjonen i distriktet. Meieridistriktet femner om Sogn og Fjordane og Sunnmøre.

Måleriet Ved Barsokleite av Gudmund Stenersen. © Blomqvist Kunsthandel. Kunstverket frå 1897 viser at det vart hausta korn i Gloppen. Landbruket har stått og står framleis sterkt i Gloppen.

Måleriet Ved Barsokleite av Gudmund Stenersen. © Blomqvist Kunsthandel. Kunstverket frå 1897 viser at det vart hausta korn i Gloppen. Landbruket har stått og står framleis sterkt i Gloppen.

Til samanlikning hadde den nest største mjølkekommunen, Stryn, i 2000 12,6 millionar liter og 212 mjølkebønder. Eitt av dei første meieria i fylket vart starta på garden Myklebust i Breim i 1876 av Jakob J. Myklebust.

Utslåttane

Sjølv om bygdene i Gloppen og Breim har noko av det vidaste og beste jordbrukslandet i fylket, var difor utslåttar i utmark og fjell svært viktig fôrtilfang.

Lokale dyredokterar

Jetmonde Arnestad og Rasmus J. Ryssdal tok seg av dyrehelsa, mellom anna med "kukkelering".

Preste-eple og fruktlager

Peder Pavels var sokneprest i Gloppen 1801-1829, og er truleg den som lærte nordfjordingane moderne fruktdyrking.

Landbruksindustri

Gjennom tida har jordbruksnæringa generert mange arbeidsplassar i foredlingsindustri i Gloppen.

Høyonn i Breim i den tida foret vart henta i hus med hest og høyvogn.

Høyonn i Breim i den tida foret vart henta i hus med hest og høyvogn.

Meieristrid og bygdespenningar

Få saker har ført til meir strid og spenningar mellom bygdene i Nordfjord enn lokalisering av meieri og slakteri. Særleg var dette merkbart i Breim.

Norsk Fjordhestgard

Norsk Fjordhestgard på Råd i Breim vart starta i 1988.

Bø fellesfjøs

Ein av dei første store fellesfjøsane i Sogn og Fjordane vart bygd på Bø i Breim i 1975.

Pelsdyrfarm ved Vassenden ved Breimsvatnet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Pelsdyrfarm ved Vassenden ved Breimsvatnet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Størst innan pelsdyr

Innan pelsdyrnæringa er også Gloppen den suverent største oppdrettskommunen i fylket. I 1961 skipa oppdrettarane i Gloppen fôrkjøkkenet på Sandane, som leverer pelsdyrfôr til størsteparten av Sogn og Fjordane. Les meir under Landbruksindustri.

Pelsdyr har i periodar vore ei god inntektskjelde for mange bønder i Gloppen. Foto: NRK.

Pelsdyr har i periodar vore ei god inntektskjelde for mange bønder i Gloppen. Foto: NRK.

Pionèr-forsøket på Sætre

I 1962 vart det første forsøket med inseminasjon på storfe utført av veterinær Bjørn Romundstad på garden til Leif Sætre i Breim. Romundstad inseminerte då fem NRF-kyr med djupfrosen sæd. Dette var starten på eit vellukka prøveprosjekt for NRF-rasen, og har danna mønster for bruk av kunstig befruktning kringom i verda.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.01.2011