Hopp til innhold
X
Innhald

Landbrukshistoria i Luster

Hafslo er ei av dei viktigaste jordbruksbygdene i Sogn og Fjordane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hafslo er ei av dei viktigaste jordbruksbygdene i Sogn og Fjordane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Luster-bygdene er nokre av dei viktigaste bygdene på Vestlandet for dyrking av frukt og bær. Men Luster er kan hende meir kjend i landet elles avdi desse bygdene kring 1900 var det viktigaste senteret for norsk tobakksdyrking. Elles finn ein pionerar i norsk potetdyrking på den gamle Munthe-garden i Kroken, og frå garden Fuhr stammar det landkjende Fuhr-eplet.

Potetdyrkinga i Luster

Potetdyrkinga i Luster

I 1765 sådde kaptein Gerhard Christofferson Munthe poteter i Kroken. Dette var truleg første gong at potet vart dyrka i Sogn og Fjordane.

Fruktpionérane i Fuhr

Dei første frukt- og bærtrea kom til Sogn alt i vikingtida.

Meieria i Luster

Dei to første meieria i Sogn og Fjordane vart starta på Hove i Vik og på Hafslo i 1874. Noverande Luster kommune var dessutan truleg det området i fylket som hadde flest smørlag.

Bringebærdyrking er blitt ei viktig næring i Luster. Denne bringebæråkeren finn vi i Solvorn. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Bringebærdyrking er blitt ei viktig næring i Luster. Denne bringebæråkeren finn vi i Solvorn. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Tobakksdyrkinga i Luster

Bygdene kring Lustrafjorden er kjende for sitt tørre og milde sommarklima. Dette var den viktigaste grunnen til at desse bygdene fekk ein omfattande «tobakksindustri» frå slutten av 1800-talet og fram til 1. verdskrig. Men mindre kjent enn tobakksdyrkinga på denne tida er det at ein alt på 1600-talet dyrka tobakk i Luster.

Sauehald har vore og er framleis ein viktig del av landbruket i Luster. Desse sauene har teke middagskvilen sin ved Soget. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sauehald har vore og er framleis ein viktig del av landbruket i Luster. Desse sauene har teke middagskvilen sin ved Soget. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Store tre i Luster

På garden Kvåle i Luster står det ein kjempestor alm som alt for meir enn 100 år sidan vart omtala som eit kjempetre.

Veiding og rovdyrjakt i Luster

I Luster-fjella er det fleire stader funne merke etter veiding og fangst heilt frå vikingtida, og då det vart vanleg med husdyrhald var rovdyrplaga stor.

Laksefisket i Luster

Sjølv om både Mørkridselvi og Fortunselvi er gode lakseelvar, har dei ikkje hatt det eksklusive «lordefisket» andre lakseelvar, som t.d. Lærdalselvi og Årøyelva har hatt.

I Luster har det og vore korndyrking. Her er det skuronn på Bøen på Ornes på 1930-talet. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

I Luster har det og vore korndyrking. Her er det skuronn på Bøen på Ornes på 1930-talet. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Nydyrking i mellomkrigstida

Selskapet Ny Jord (skipa 1908) og Det norske Myrselskap) skipa 1902) spela frå byrjinga av 1900-talet ei sentral rolle i nydyrkingsarbeidet i Noreg.

Tang på Hafslo er ein av dei større gardane i Luster kommune. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Tang på Hafslo er ein av dei større gardane i Luster kommune. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 04.04.2011