Hopp til innhold
X
Innhald

Landmarkane - pionérar i norsk landbruk

Sorenskrivar Nils L. Landmark vart ein av føregangsmennene innan jordbruket i fylket. Tysse-garden vart dyrka opp til eit mønsterbruk. Han planta frukttre og skog, og innførte fleire nye tresortar.

Landmark vart stortingsmann i 1821, og i 1836 skipa han Det Holmedalske Sogneselskab som m.a. arbeidde for fremjing av moderne jordbruksmetodar, jorddyrking, bygging av vegar og moderne driftsbygningar - og utrydding av ulv.

På Tysse dreiv Landmark ein slags «jordbruksskule» ved å ta inn bondegutar som fekk opplæring i moderne landbruk.

På Tysse dreiv Landmark ein slags «jordbruksskule» ved å ta inn bondegutar som fekk opplæring i moderne landbruk.

Fleire av etterkomarane til Nils L. Landmark arva interessa for jordbruk, og sette djupe merke etter seg. Særleg gjeld dette sonen Theodor Landmark, landbrukslærar og dosent, som i 1894 skipa Norsk landmannsforbund - forløparen til Norges Bondelag. I 1937 vart det reist ein minnestein over skiparen av Norges Bondelag på Tysse.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.11.2011