Hopp til innhold
X
Innhald

Landnotfisket i Solund

Notlaget til Oluf Trovåg har gjort eit kast ved Nautøy vinteren 1929. Foto: Kverhellen, eigar Ingvald Rysjedal/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Notlaget til Oluf Trovåg har gjort eit kast ved Nautøy vinteren 1929. Foto: Kverhellen, eigar Ingvald Rysjedal/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Eit særmerke med fiskeria i Solund er landnotfisket etter sild. Mest kvart einaste gardsbruk hadde sildegarn eller part i ei sildenot med tilhøyrande båtar. Dei som hadde eigedomsretten over ein god kastevåg, vart velståande folk.

Sildefiske med landnot nådde høgdepunktet mellom 1808 og ca. 1870, men fiske-metoden var brukt heilt fram på 1950-talet.

Våningshuset i Rånøy, bygt for sildepengar. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Våningshuset i Rånøy, bygt for sildepengar. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Bygde store hus for sildepengar

I siste halvdel av 1800-talet kom det på moten å byggje store, nye våningshus i to etasjar i Solund. På denne måten kappast folk om å vise rikdomen som sildefisket hadde skapt! Alle to-etasjes hus frå denne perioden er bygde for «sildepengar»! Eit typisk «skrytehus» frå denne tida er det store våningshuset i Rånøy.

Utvær var senter for det viktigaste fisket langs kysten av Sogn og Fjordane tidleg på 1800-talet. Foto: Magne Hamre.

Utvær var senter for det viktigaste fisket langs kysten av Sogn og Fjordane tidleg på 1800-talet. Foto: Magne Hamre.

Utvær vert senter for sildefisket

Mellom 1808 og 1828 kom hovudinnsiget mellom Bergen og Utvær, og frå 1815 til 1830 skriv amtmannen at fisket kring Utvær var det viktigaste fisket langs kysten av Sogn og Fjordane.

I 1869 er det registrert 404 sildefiskarar i kommunen - dvs. at samtlege vaksne menn i arbeidsfør alder - med unntak av to - deltok i fisket! På 1800-talet vart det stor tilflytting frå indre Sogn og Sunnfjord til Sulen. Folketeljingane viser at det i 1891 var dobbelt så mange fiskarar som bønder. Likevel må vi rekne med at det heile tida låg ein «blandingsøkonomi» bak desse registreringane, slik at dei fleste registrerte «bønder» deltok i sildefisket i sesongen.

Elles var det svært mange sulingar som drog til Møre på torskefiske på slutten av 1800-talet. I 1885 er det registrert at 168 sulingar med kring 28 båtar deltok i fisket der.

Sulingar flyttar til Nord-Noreg

Sulingar flyttar til Nord-Noreg

Vårsildfisket ved Utvær og kring Kinn tok slutt kring 1870, men vart avløyst av rimeleg bra år med vintersild for Solund sitt vedkomande. Kring Florø vart det derimot smalhans og naudsår (sjå Kriseår og naudhjelp). På 1870-1880-talet vart mange sulingar leigde som notbasar på feitsildfisket langs Nordslands-kysten.

Mange sulingar flytta nordover for godt. Ei teljing viser at det mellom 1860 og 1894 flytta 70-80 sulingar til Nord-Noreg. Denne flyttinga nordover var like stor som emigrasjonen frå Solund til Amerika i same perioden. Ofte er det heile syskenflokkar som flyttar, slik det gjerne også var når folk reiste til Amerika.

Rørdalsfjorden, der det vart teke opp 58.000 hektoliter sild ved å stenge av fjorden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Rørdalsfjorden, der det vart teke opp 58.000 hektoliter sild ved å stenge av fjorden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjempefangstar i sildevågane

Første del av 1900-talet kom fleire gode sildeår, og i dei gamle sildevågane kunne ein heilt fram til krigsåra under andre verdskrig gjere eventyrlege kast:

I 1930 vart enorme mengder sild stengd inne på Vågane. Bygdefolk auste opp sild i vekesvis, men måtte sleppe mykje ut att. Likevel var fangsten 56.000 hektoliter.

I 1933 vart det teke 30.000 hektoliter i Vågane.

I 1944 vart det teke opp 28.000 hektoliter.

I heile ytre Solund var det 130 sildenotlag. Jamnt over var det sju mann på kvart lag. Nautøy var rekna for ein av dei beste kasteplassane i Solund. I 1936 stengde dei til saman 40.000 hektoliter sild på øya. Ved å stengje av Rørdalsfjorden kasta ein 58.000 hektoliter.

1944 vert rekna som det siste store «landnotåret» i Solund, og etter krigen vart mange landnøter selde. Dei to siste nøtene eksisterte til 1977.

Sildesaltarane på Buskøy tek seg ein matpause i 1950. Frå venstre Olga Sanden, Hermann Færøvik, Alvhild Steinsøy, Sølvi Færøvik, Hildur Hugøy og Maria Vatsøy. Ukjend fotograf, eigar Hildur Stølsvik/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Sildesaltarane på Buskøy tek seg ein matpause i 1950. Frå venstre Olga Sanden, Hermann Færøvik, Alvhild Steinsøy, Sølvi Færøvik, Hildur Hugøy og Maria Vatsøy. Ukjend fotograf, eigar Hildur Stølsvik/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.06.2010