Hopp til innhold
X
Innhald

”Lasarettet” på Faleide

På loftet av ei sjøbu (nr. 2 frå høgre) på Faleide var det ei sjukestove for tuberkulosepasientar, på folkemunne kalla ”Lasarettet”. Foto frå Johan Ottesens arkiv.

På loftet av ei sjøbu (nr. 2 frå høgre) på Faleide var det ei sjukestove for tuberkulosepasientar, på folkemunne kalla ”Lasarettet”. Foto frå Johan Ottesens arkiv.

Eit sjøbuloft på Faleide vart i nokre år frå 1890-talet og fram til ca. 1916 nytta som ei sjukestove for tuberkuløse frå bygdene ikring. Det var distriktslege Hans Chr. Brodtkorb (1854-1923) som hadde fått ordninga i stand slik at han kunne halde betre tilsyn med langtidssjuke som elles låg rundt om på einbølte gardar i distriktet.

Då nokre born på ein gard like sjukestova ved døydde i ein farsott, fekk ein mistanke om at smitten kom frå ”sjukestova” på sjøbuloftet. For å betre på tilhøva vart det bygt på ein ekstra etasje på sjøbua. Her vart det innreia fem-seks sjukerom, og sjukepleiar Ane Skrede hadde tilsyn med pasientane.

Sjukestova, som på folkemunne vart kalla ”Lasarettet”, vart truleg nytta så lenge som Brodtkorb var distriktslege i Innvik, d.v.s. til 1916.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.03.2011