Hopp til innhold
X
Innhald

Låven og Furuheimen

Funksjonærhytta i Frivika ved Klævoll. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Funksjonærhytta i Frivika ved Klævoll. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Tilliks med arbeidarane bygde også funksjonærane ved verket i Høyanger eigen ferieheim, «Furuheimen» ved Klævoll.

Funksjonærane var like tidleg ute som arbeidarane til å organisere seg i Høyangsfaldenes Funksjonærforening i 1916. I 1918 gjekk den over til Høyanger Formann- og verksmesterforening. Denne organsiasjonen eksisterer framleis under namnet Høyanger Arbeidslederforening.

Tidleg på 1920-talet starta funksjonærforeninga arbeidet med å få eiga lagshytte, men i staden satsa ein i 1926 på medlemshuset «Låven» i Høyanger. I 1933 kjøpte foreninga tomt ved fjorden like aust for Klævoll, og i 1947 vart ferieheimen «Furuheimen» teken i bruk.

Låven på Øren gard vart i mange år brukt som forsamlingslokale i Høyanger, mellom anna av Høyangsfaldenes funksjonærforening. Foto: Eugene Nordahl-Olsen. Eigar: Hydro/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 23.08.2010