Hopp til innhold
X
Innhald

Legetenesta i Bremanger

Helsesenteret med legekontor i Svelgen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Helsesenteret med legekontor i Svelgen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Heilt fram til 1866 hadde folk i tidlegare Davik kommune svært dårleg legedekning. Frå 1802 til 1840 budde den einaste distriktslegen for Fjordane på Faleide ved Stryn.

I 1840 fekk Nordfjord eigen distriktslege, men først i 1866 vart Nordfjord delt i eit indre, midtre og ytre legedistrikt. Legen i ytre budde i Måløy, og dit sokna pasientar frå Rugsund sokn - som då også omfatta noverande Totland sokn. Davik og Ålfoten sokn fekk legehjelpa frå Nordfjordeid.

Treg utrykking

Det kunne vere vanskeleg å få distriktslege Cappelen i Måløy ut på sjukebesøk: I 1859 kom ein mann frå Lauvneset i Davik for å hente legen i Måløy til fire menneske som låg sjuke heime. Men det passa ikkje legen nett då. Han skulle kome seinare, sa han. Cappelen dukka opp først tre og ei halv veke seinare. Det vart klaga til departementet over slik framferd, men fåfengt.

Sårlege skulle avhjelpe legemangelen

Legedekninga var som ein skjønar svært mangelfull, og i 1844 søkte Davik komunestyre om å få tilsett den sjølvlærde Mikkel I. Tømmerstøl som sårlege. - Sjå elles under Eid kommune, artikkelen Bygdedokteren på Tømmerstøl.

I 1866 vart Nordfjord med Bremanger delt i tre med eit ytre, midtre og indre legedistrikt. Distriktslegen i ytre budde framleis i Måløy, og dekte Selje, Vågsøy og bygdene frå Bryggja og Rugsund og vestover i gamle Davik kommune.

Legekontor på Bryggja

Sist på 1800-talet slo det seg til eit par privatpraktiserande legar på Bryggja med etternamn Olsen og Bendiksen. Kor lenge dei budde der, er ukjent. I 1912 fekk Davik kommune eigen distriktslege, busett på Bryggja, der det vart bygd legebustad. Legekontoret på Bryggja var i drift i lang tid etter at Davik kommune var oppløyst. På Bryggja var det plassert hurtiggåande legeskyssbåt.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.05.2010