Hopp til innhold
X
Innhald

Leiglendingen drap husbonden

I 1672 vart Erik Venjum på Hafslo drepen av leiglendingen sin, Knut Heggestad. Dei hadde kome i krangel om kor mange kyr Knut Heggestad skulle fø for husbonden.
Det enda med at begge brukte øks. Knut fekk eit hogg i hovudet, og Erik eit djupt kutt i brystet - så djupt at han døydde av det.

Knut Heggestad vart dømd til halshogging, og sjølv om lagmannen fekk saka fram for retten for andre gong fordi han meinte drapet kunne vere gjort i sjølvforsvar, så vart Knut Heggestad dømd til «at straffes paa hans Hoved» - dvs. verte halshoggen.

Denne artikkelen er ein lokalhistorisk artikkel frå Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Den er ikkje vurdert som leksikalsk innhald. Ver varsam med å nytte artikkelen som kjelde. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.09.2018