Hopp til innhold
X
Innhald

Leirdøla-utbygginga

Leirdøla kraftverk. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Leirdøla kraftverk. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Leirdøla-vassdraget er eit sidevassdrag til Jostedalselvi, og ligg på vestsida av hovuddalføret. Det eigna seg såleis godt for ei separat utbygging, og detaljerte planar vart lagde fram i 1971.

Statkraft fekk konsesjon i 1974 og starta utbygginga same året. Leirdøla-verket vart starta i 1978, og har ein produksjon på 465 GWh. Kraftreservane for Leirdøla-verket ligg i det store Tunsbergsdalsvatnet som kan regulerast 40 meter.

Leirdalen med kraftmagasinet inst i dalen. Foto: Lars Nes.

Leirdalen med kraftmagasinet inst i dalen. Foto: Lars Nes.

Fylket vart medeigar

For første gong i krafthistoria i Sogn og Fjordane nytta fylkeskommunen seg av retten til medeigarskap i Leirdøla kraftverk. Det skjedde formelt ved at fylket sitt eige kraftselskap SFE - no Sogn og Fjordane Energi AS - fekk 35 prosent av aksjane i Leirdøla.

Fylkeskommunen kom så heldig ut av eigaravtalen om Leirdøla at den fekk apetitt på meir. Men då dei prøvde seg noko seinare på å krevje medeigarskap i dei planlagde kraftverka i Jostedalen og Stryn, gjekk det verre. Her sette Statkraft så harde vilkår for fylkeskommunalt medeigarskap at fylket ikkje torde vere med på samarbeidet, og trekte seg ut.

I 2013 selde SFE sin del av Leirdøla Kraftverk til Statkraft mot at SFE/Svelgen Kraft fekk overta dei to kraftstasjonane Svelgen I og Svelgen II i Bremanger.

Arbeidsplassar i byte for kraft

I samband med Leirdøla-utbygginga stilte kraftkommunen Luster nokre krav som var nye i nasjonal samanheng. Kommunen nekta i 1971 å tilrå konsesjon før ein hadde eit tydeleg svar på kva krafta skulle nyttast til og kva slags industri ein fekk i byte:

«Kommunestyret kan ikkje roleg sjå på at det eine store vassdraget etter det andre vert bygt ut og krafta ført ut av kommunen. Ein må difor krevje å få ein samla plan for kva våre styresmakter har tenkt å nytte våre vassdrag til. Kommunestyret meiner at den eller dei verksemder som får kraft frå vassdraga som ligg i kommunen, må verte pålagde å byggje opp ei eller fleire verksemder som kan gje eit høvande tal arbeidsplassar innan Luster kommune som står i forhold til dei kraftressursar som er i kommunen.»

- Dette var altså første gong i norsk krafthistorie at ein kommune sette fram så klåre krav om arbeidsplassar i byte for kraftutbygging. Seinare forsterka eit nyvald Luster kommunestyre kravet:

«Ein finn det urimeleg at krafta skal verte ført til andre distrikt utan at kommunen vil få noko styrking av næringsgrunnlaget sitt i form av industrireising med nye og varige arbeidsplassar. Luster kommune krev difor at sentralstyresmaktene medverkar til etablering av nye og varige arbeidsplassar i kommunen i samband med kraftutbygging. For Luster kommune er spørsmålet om nye og varige arbeidsplassar av slik tydnad at ein må krevje dette avklåra før konsesjonsvilkår kan drøftast.»

Les meir om Jostedals-utbygginga.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.09.2013