Hopp til innhold
X
Innhald

Leseselskap og samtalelag i Luster

Ved skipinga av Luster kommune i 1837 overtok kommunen ansvaret for ei boksamling som sorenskrivar Fleischer kring 1810 hadde gjeve til ei lokalt «leseselskap».

Dette selskapet hadde då kring 40 medlemer, og var eit av fleire slike leselag som opplysningsprestane skipa kringom å bygdene i åra kring 1800.

Forløpar til ungdomslaga

I den veksande norskdomstida frå 1870-talet og utover vart det skipa såkalla «samtalelag» i fleire bygder. Dette var forløparane til dei frilynde ungdomslaga.

Nynorsken var fanesak

Eit slikt «samtalelag» vart skipa i Hafslo i 1891 med framhaldsskulelærar Aven som første formann. Året etter skipa Kristofer Alme laget om til Hafslo Ungdomslag. Nynorsk målreising vart ei fanesak for ungdomslaget, og Alme var formann i 30 år.

Også i Luster fekk lærar Andreas Gjelsvik skipa Luster Samtalelag i 1888. Dette vart seinare til Luster Ungdomslag, som bygde ungdomshuset «Markstein» på Lavollane i 1926.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.11.2008