Lokale fruktsortar frå Leikanger

Dei fleste større fruktbygdene i Sogn har sine lokale eple med eigne namn. Den mest kjende lokale fruktsorten frå Leikanger er «Leikangereple» som truleg er avla på Prestegarden på Leikanger - truleg avla fram tidleg på 1800-talet.
Dette eplet vart også kalla «Soplimseple» og første gong utstilt på ei messe i Bergen i 1898. «Eituneplet» meiner ein er kome frå garden Eitorn, men truleg er dette det same som «Stor Torstein».
«Bergaplomma» skal vere ein plommesort som er dyrka fram i Leikanger. Sorten kan vere den same som «Raudaplommer». «Gul sukkerplomme» var ei plomme som vart mykje dyrka kring 1900, og kan truleg ha utgangspunktet sitt i Leikanger.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 09.08.2011