Hopp til innhold
X
Innhald

Losna-ætta

Losna. Den gamle kyrkjetufta var på det grøne neset som stikk ned mot nedre høgre bilethjørne.Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Losna. Den gamle kyrkjetufta var på det grøne neset som stikk ned mot nedre høgre bilethjørne.Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Losna-ætta med namnet sitt knytt til Losna, den austlegaste øya i Solund, vart ei av dei rikaste og mektigaste stormannsætter på 1300- og 1400-talet.

Men sjølv om ætta tok namn frå Losna, er det uvisst kvar dei hadde hovudsetet. På høgda av si makt eigde ætta m.a. store deler av ytre Sogn, og nyare forsking hellar meir til at det lokale hovudsetet låg på garden Bø ved Bøfjorden i Hyllestad. Ein teori er at det var gardane Eide, Hellem og Hovland i Hyllestad som var hovudsetet for ætta frå gamalt - sjå: Hovudsetet for Losnaslekta i Hyllestad?.

Kyrkjetuft og steinmurar på Losna

Det einaste ein veit som kan tyde på at det budde velståande folk på Losna i mellomalderen, er at det var kyrkje der, og at den vart lagt ned mellom 1360 og 1585. I 1820 såg ein framleis tydelege merke etter ei kyrkje som hadde vore 25,3 x 24 meter i flatevidd, med eit rundt kor, og rundt kyrkja låg ein gamal gravplass. Kyrkja var truleg såkalla høgendeskyrkje, dvs. privatkyrkje for slekta. Like ved ligg ei stor steinhelle på 6 x 2,5 meter lagt opp på nokre steinar, men ingen veit kva den vart brukt til. I 1865 vart det rive nokre steinmurar på staden som kan vore knytt til eit gamalt herresete.

Budde i Vestfold?

Budde i Vestfold?

Segna vil ha det til at Losnaætta hadde skip liggjande i Lifjorden, og at dei truleg vart nytta til vakt og innkreving av toll og avgifter frå skip som ferdast i skipsleia.

Tre generasjonar frå Losnaætta vart riksrådar, dvs. kongen sine næraste rådgjevarar og sendemenn og dei mektigaste embetsfolk i Noreg i seinmellomalderen. Då ætta var på høgda av makta si, er det mest truleg at høvedsmennene for ætta budde i Vestfold, der dei eigde store landevidder.

Teoriar om kvar Losna-ætta kom frå

Hovudsetet for Losnaslekta i Hyllestad?

Samband med baron Audun på Ålhus?

Då Losnaætta var på høgda i makt og rikdom, åtte den enorme eigedomar. I tillegg til eigedomane i ytre Sogn, fekk den ved inngifte hand om store delar av Slindegodset lenger inne i Sognefjorden. Erlend Filippusson vart elles gift inn i Rømer-slekta i Bergen, der riksråd og riddar Otte Rømer hadde teke over storgodset til baron Audun Hugleikson frå Ålhus i Jølster, som vart avretta i 1302. Vi veit at baron Audun åtte store eigedomar i Vestfold, og sambandet gjennom Rømer kan vere grunnen til at Losnamennene vart høvedsmenn på Tønsberghus.

Enorme rikdomar

I tillegg til å eige mykje av Sogn, kjenner vi til at den siste i riksrådrekkja, Erlend Eindrideson, fekk råderetten over Romsdal og Valdres len då han lånte kongen pengar i 1450. Han eigde gods i Råbyggjelaget og på Færøyane, og hadde eigedomar i Bergen. Både han og tidlegare Losnamenn dreiv stor handel og skipsfart. Hanseatane på Bryggen i Bergen rekna Erlend Eindridson som sin verste fiende og konkurrent i Noreg.

Sjå enkeltomtaler av personar i Losna-ætta under: Kjende personar i Solund.

Losnaspelet blir framført på Losna. Foto: Kari Hamre.

Losnaspelet blir framført på Losna. Foto: Kari Hamre.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.06.2010