Hopp til innhold
X
Innhald

Lovisendal

Lovisendal sett frå nedsida. Foto: Ottar Starheim, NRK

Lovisendal sett frå nedsida. Foto: Ottar Starheim, NRK

Like ved kyrkja i Brekke ligg eit vakkert, gamalt herskapshus med halvvalma tak. Dette er den gamle offisers- og sorenskrivargarden Lovisendal - også kalla Løytnanthuset. Huset er freda.

Namnet Lovisendal hadde huset frå 1819, men det gamle namnet var Breche Gaard. I gamle dagar var det eksersisplass like ved elveosen i Brekke, og heilt frå 1677 budde det offiserar på Breche Gaard. Ein av dei mest kjende var seinare oberst Even Kraft som gjorde seg kjend i striden med svenskane i Ellevårskigen 1709-1720. Som offiser i Bergenhusiske Regiment budde han i Brekke frå 1727 til 1745 i eit hus som vart kalla Løytnanthuset.

Storstove vert skulestove

Han kjøpte også kyrkja i Brekke i 1725, og i 1727 bygde han eit stort bustadhus på garden. Her var det m.a. ei gild storstove, og til saman fem kakkelomnar varma opp det store huset. Løytnanthuset tente heretter m.a. som skulestove.

Då oberst Even Kraft flytta til Munkholmen ved Trondheim som kommandant der i 1745, overtok sonen Wincentz Henrich Kraft Lovisendal. Han var offiser som faren, og styrde Lovisendal til 1753, då han flytta til Danmark for å overta ein gard han hadde arva der. Broren, kaptein Knud Kraft, overtok på Brekke. Han bygde i 1753 ei tømra ark på hovudhuset og la nytt pannesteinstak på kyrkja.

Lovisendal vert sorenskrivarsete

I 1769 vart Lovisendal med Breche Gaard sorenskrivarsete for Ytre Sogn ved at justisråd og sorenskrivar Niels Hegelund Holtzrod kjøpte eigedomen og busette seg der.

Sorenskrivardistriktet hans femnde den gongen om store delar av Sogn - frå øyane i Gulen og Solund i vest og til Frønningen i aust. Hegelund Holtzrod var sorenskrivar til 1799, og hadde slege under seg store eigedomar i embetstida si.

Breche Gaard vert «Lovisendal»

Dansken Engelbreth Hesselberg var sorenskrivar frå 1800, og i 1808 kjøpte han Brekke med hovudhus, gardstun og kyrkje frå dødsbuet etter forgjengaren. Hesselberg vart buande der til han døydde i 1813. Men på dødsleiet selde han Breche Gaard med hovudhus og tun til grosserar Edvard Isach Hambro i Bergen. Hesselberg-enka fekk bu på garden eit års tid før sorenskrivar Peter Boerthman Voss frå København kjøpte Brekke og busette seg der i 1814, men Hambro heldt unna ein del av eigedomen. Det var sorenskrivar Voss som tok til å kalle eigedomen for Lovisendal, etter kona Louise.

På Lovisendal voks sonen, seinare professor Joachim Andreas Voss opp. Då sorenskrivar Voss fekk eit anna embete i 1825, var det slutt på sorenskrivar-epoken i Brekke.

Lovisendal og sokneprest Dahl

Voss selde Lovisendal og resten av garden til Eivindvik «skulekommune» då han flytta. Bak dette kjøpet stod den aktive presten Niels Griis Alstrup Dahl. Han ivra sterkt får å få i stand fastskular til avløysing for omgangsskulen, og no vart Lovisendal skulehus og lærarbustad for Brekke krins.

I 1827 kjøpte Dahl like godt heile eigedomen. Dette gjorde han m.a. for å få bukt med brennevinsskjenkinga på gjestigiveriet Sjøstuen som låg på garden. Slik hadde Dahl også gjort på gjestgjevarstaden Skjerjehamn.

Handel på Lovisendal

Heilt fram til 1965 vart det drive landhandel i dei gamle bygningane på Lovisendal - det meste av tida av familien Ellingsen. Sjå nærmare om dette under Ole Hatteberg og Ellingsen Dagligvarer.

Lovisendal var skule frå 1825 til 1853. Foto: Ottar Starheim, NRK

Lovisendal var skule frå 1825 til 1853. Foto: Ottar Starheim, NRK

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.05.2009