Hopp til innhold
X
Innhald

Ludvig Munthe

Ludvig Munthe (1841-1896) frå Munthe-garden i Årøy. Kunstmålar.

Ludvig Munthe (1841-1896) frå Munthe-garden i Årøy. Kunstmålar.

Han reiste som 20-åring til Tyskland og utdanna seg ved kunstskular i m.a. Düsseldorf. Han vart buande i utlandet all sin dag, og vart ein av dei mest kjende norske kunstmålarane i utlandet i si tid. Målarstilen hans er også mykje meir «kontinental» enn hans samtidige norske kunstnarar.

Ludvig Munthe vart medlem av akademia både i Stockholm og København, og den tyske regjeringa utnemnde han til titulær professor. I Dusseldorf heldt han eit gjestfritt og ope hus for kunstnarar frå heimlandet. Han vart fekk Olavsordenen i 1881, Leopoldordenen i 1876 og franske Æreslegionordenen i 1878.

Eit bilete som han stilte ut på verdsutstillinga i Paris i 1878 med tittelen «Vinteraften ved den norske kyst», gav han til Nasjonalgalleriet i Oslo.

Far til Gerhard Ariel Ludvig Morgenstierne Munthe og Christopher Caspar Andreas Munthe. Begge vart kunstmålarar. Den første vart landskapsmålar og slo seg ned i Haag, den andre i Årøy.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.08.2011