Hopp til innhold
X
Innhald

Lyster Sanatorium vert lagt ned

Haratølen. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK.

Haratølen. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK.

Men også i kampen mot tuberkulosen kom det eit gjennombrot - det skjedde like etter 2. verdskrig. Då kom effektive vaksinar mot sjukdomen, og ein stor del av den norske befolkninga vart vaksinert mot tuberkulose i løpet av få år.

I tillegg vart dei kjende bussane og båtane til Statens Skjermbildefotografering sende land og strand rundt for å gjennomlyse alle norske brystkasser på jakt etter sjukdom og smittekjelder. Alle hadde plikt til å møte på skjermbildefotograferingane. Enno ein gong vart sjukehussalar tømde for pasientar - men denne gongen var det på Harastølen.

Haratølen. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK.

Haratølen. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK.

Frå tuberkulose til psykiatri

Då St. Jørgen avvikla Lyster Sanatorium midt på 50-talet vart bygningane i mange år nytta som psykiatrisk sjukeheim av Sogn og Fjordane fylke. Men på 80-talet slo nye teoriar om behandling av psykiske lidingar igjennom. Psykiatrien vart omorganisert: No skulle flest mogeleg pasientar ut av dei store institusjonane og nærast mogeleg heimstaden.

Harastølen psykiatriske sjukeheim vart bygt ned, og til slutt nedlagt.

Asylmottak på Harastølen

Kring 1990 fekk bygningane ein ny funksjon - no som eit av dei store asylmottaka i landet. Krigar og etniske konfliktar på Balkan sytte for rikeleg med beburarar på dei tidlegare sjukesalane på Harastølen. Men sjølv om bygdefolket gjorde mykje for å skape kontakt og leggje opp aktivitetar for flyktningane, så vart opphaldet på den einbølte og isolerte Harastølen keisamt og vanskeleg i lengda. Det vart gnissingar bebuarane imellom og småkonfliktar med lokalsamfunnet. Asylmottaket vart avikla etter nokre år.

Ein buddhistmunk framfor Harastølen. Det vart med planane om kloster. Foto frå TV-reportasje.

Ein buddhistmunk framfor Harastølen. Det vart med planane om kloster. Foto frå TV-reportasje.

Planar om buddhist-kloster

Sidan har bygningane stått tomme og unytta. Ein svær bygningsmasse som krev store summar om det skal skikkeleg vedlikehaldast - og forfallet viser tydeleg. I 1998 viste ein asiatisk munkeorden interesse for dei einbølte, tomme bygningane på Harastølen. Dei ville gjere det om til buddhist-kloster, men planen rann ut i sanden.

For dyrt å sette i stand

Eit selskap med Egil O. Laastad i Bergen i spissen kjøpte i 2002 heile komplekset med tanke på å sette i stand og leige ut bygningane og utnytte fallrettane. Seks av bygningane vart rehabiliterte, og det vart bygt eit minikraftverk. Det vart og sett i gang med rehabilitering av hovudbygningen, men driftsutgiftene var langt høgare enn inntektene, og selskapet vart selt til kraft- og industriselskapet Tinfos AS. Ein vaktmeister har tilsyn med bygningane, men omfattande hærverk og manglande vedlikehald gjer at Harastølen i 2012 er sterkt prega av forfall. I mai 2012 vart Tinfos og Luster kommune samde om å rive bygningane.

Harastølen i april 2012, sterkt prega av forfall både ute og inne. Foto: Raymond Lidal, NRK.

Harastølen i april 2012, sterkt prega av forfall både ute og inne. Foto: Raymond Lidal, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.01.2013