Hopp til innhold
X
Innhald

Målaren I. C. Dahl frå Gulen-slekt

I.C. Dahl: Fra Stalheim.

I.C. Dahl: Fra Stalheim.

Bergens-målaren Johan Christian Klausson Dahl - I. C. Dahl (1788-1857) er rekna som «gudfaren» i norsk målarkunst sin gullalder i romantikk-perioden tidleg på 1800-talet. Han var føredøme og læremeister for dei fleste kjende norske kunstmålarar på den tida.

På farssida slektar I. C. Dahl frå Gulen: Faren Klaus Trulson (Op)dahl var fødd på garden Nedre Opdal i Austgulen i 1850, og på morssida var det eit nært samband til Wergeland-slekta og Henrik Wergeland.

Klaus var odelsgut, men reiste ut som sjømann og slo seg seinare ned som fiskar og flyttmann i Bergen, der Johan Christian (I. C.) vart den førstefødde i ein stor barneflokk. Han starta først som vanleg målar, men fekk seinare hjelp til å studere målarkunst i Tyskland, der han vart professor.

I. C. Dahl vitja Sogn fleire gonger og måla nokre av sine mest kjende bilete frå indre Sogn og Filefjell.

I. C. Dahl og Henrik Wergeland hadde felles slektsrøter i Brekke, frå lensmann Claus Hansson Breche d. 1680 - sjå: Diktaren Henrik Wergeland frå Gulen-slekt

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 13.08.2010