Målsnes og Skåsheim som futegardar

Målsnes ca. 1900. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.
Frå 1530 var det den dansk-norske kongen sie futar som styrde lokalforvaltninga. Dei første 100 åra var Sogn samla i eitt futedøme.
Då budde futen på gardar i Sogndal. Både Stedje, Foss, Rutlin og Kaupanger var i tur og orden futegardar. I 1630 vart det delt. Grensa mellom futedøme i indre og ytre Sogn gjekk mellom Hermanverk og Slinde på nordsida av fjorden og mellom Aurland og Lærdal på sørsida.
Målsnes
Omlag ei mil vest for Balestrand ligg gardane Målsnes. Frå kring 1630 til 1650 eigde futen i Sogn garden Målsnes, men det er uvisst om han budde der. Før den tid var m.a. Mons Målsnes brukar. Han åtte mange gardar kringom i Sogn. Etter at futen var borte i 1650, vart Anders Målsnes brukar. Han var også ein mann med mykje jord - var i mange år lensmann, og dreiv som pengeutlånar.
Skåsheim
Etter tida på Målsnes, fekk futen hand om garden Skåsheim lengre aust, men også her er det uvisst om buten budde sjølv. Her vart det m.a. sett opp herbergehus, fangehus og eit hus der futen kunne lagre landskylda (som bøndene gjorde opp i form av landbruksvarer). Futen Hans Brun disponerte også garden Sande (sjå Sorenskrivar- og kapteinsgarden Sande) i tillegg til Skåsheim. I 1685 flytta futen i Sogn til Flesje (sjå Fute- og offisersgarden Flesje).
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 28.07.2011