Hopp til innhold
X
Innhald

Meieristrid og bygdespenningar

Breim er mellom dei viktigaste jordbruksbygdene i Sogn og Fjordane. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Breim er mellom dei viktigaste jordbruksbygdene i Sogn og Fjordane. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Breim er mellom dei viktigaste jordbruksbygdene i Sogn og Fjordane. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Breim er mellom dei viktigaste jordbruksbygdene i Sogn og Fjordane. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Få saker har ført til meir strid og spenningar mellom bygdene i Nordfjord enn lokalisering av meieri og slakteri. Særleg var dette merkbart i Breim: Breim vart skilt ut som eigen kommune i 1886. Men då vegen gjennom Våtedalen vart opna i 1889, avløyste den Den Trondhjemske Postvei, som i over 100 år hadde gjort Rebakken i indre Breim til sentralt bygdesenter med m.a. kyrkje og to hotell. Våtedalsvegen gjorde at Byrkjelo gradvis utfordra Re som det viktigaste bygdesenteret i Breim.

Desse spenningane kom til uttrykk i to lokaliseringsstridar på 1950-talet, då bøndene i fjorden skulle byggje storslakteri og nye meieri. Her orienterte bønder kring Byrkjelo seg mot Stryn, medan bøndene kring Re fann seg allierte i Utvik og Innvik. Desse «vikjene» var på si side misnøgde med at «alt» i Innfjorden skulle hamne i Stryn.

Fleire rundar

Fleire rundar

Den første lokaliseringsrunden starta med meieria kring 2. verdskrig: I 1941 vart småmeieria nedlagde og m.a. erstatta av Nedre Breim Meieri på Re. Forutan Breim, leverte også bønder i Utvik og halve Innvik-bygda til Re. Desse «vikarane» heldt seg forøvrig lojale til VS i den lokaliseringstriden som seinare fylgde om slakteria.

Indrebreimingane allierte med Stryn

Andre runde kom då glopparane bygde nytt «stormeieri» på Sandane på 1950-talet. Heller ikkje då ville indre-breimingane orientere seg nedover mot Gloppen. I staden allierte dei seg med stryningane i Nordfjord Meieri, som bygde to nye meieri; eitt på Byrkjelo og eitt i Stryn.

Slakteristrid

Slakteristrid

Tilsvarande deling mellom øvre og nedre Breim kom også i den store slakteristriden i Nordfjord kring 1960: Som eit mellomstadium - før tanken om storslakteri i Sogn, Sunnfjord og Nordfjord kom opp - bygde Vestlandske Salslag eit mindre slakteri på Sandane i 1954. Bønder i indre Breim ynskte dette slakteriet på Byrkjelo, men tapte lokaliseringskampen. Dei sa takk for sist då neste lokaliseringsrunde kom i 1960: Vestlandske skulle byggje store regionslakteri, og stryningane tapte lokaliseringskampen om dette slakteriet, som hamna på Nordfjordeid. Dette førde til raseri og opprør i Indre Nordfjord: Dei braut med VS.

No gjorde bøndene i indre Breim på nytt felles sak med innfjordingane, og bygde Nordfjord Kjøttindustri i Olden, som eit dotterselskap til Nordfjord Meieri.

(Nordfjord Meieri var forøvrig det første meieriet i Sogn og Fjordane som innførte gardstankar og tankbilhenting av mjølk i 1970 ).

Nedlegging og samanslåing

VS-slakteriet på Sandane vart nedlagt i 1964, og dei tre meieria på Re, Byrkjelo og Sandane vart nedlagde i tur og orden sist på 1990-talet.

Storsamanslutninga Sogn og Fjordane Meieri (no Tine Meieriet Vest BA) investerte 55 millionar kroner i 1996 i spesialmeieri for konsummjølk på Byrkjelo og har vedteke å byggje anlegget vidare ut for 180 millionar kroner, mellom anna med osteproduksjon. Verksemda sysselsette i år 2001 55 personar i produksjon og frakt. Etter utvidinga reknar ein med kring 80 tilsette.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.10.2011