Hopp til innhold
X
Innhald

Mellomalderhovdingar på Ornes

På neset til venstre er det funne ei båtgrav. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

På neset til venstre er det funne ei båtgrav. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Utanom segna som er knytt til småkongen Ragnvald frå vikingtida (Kjærleikssoga om dottera på Ornes og Vetti-kongen), er Ornes kjend som eit stormannssete seinare i mellomalderen.

På 1100-talet var Gaute frå Ornes ein mektig mann, og etterkomarane hans var med i leiinga for mange krigar mot kong Sverre Sigurdsson og ætta hans. (Det var på denne tida at noverande Urnes stavkyrkje vart bygt.)

M.a. var sønene til Gaute - Jon frå Ornes og Munan frå Ornes - i fremste rekkja då kong Magnus V Erlingsson med ein flåte på 32 skip støytte saman med kong Sverre i eit slag ved Nordnes i Bergen. Munan var også kong Magnus sin mann i slaget mot kong Sverre ved Fimreite i 1184 - sjå: Slaget ved Fimreite. Ein av sønene til Jon frå Ornes, Arnbjørn Jonsson, vart ein av leiarane for baglarane, og seinare kongen sin syslemann i Østfold.

Både Ornes, Kroken, Talsete og Sørheim var heimstad for norsk høgadel i høgmellomalderen.

I eit testamente frå 1309 etter baron Bjarne Erlingsson til Bjarkøy (d. 1313) var Ornes med på eigedomslista, og Ornes var den største garden som Bjarne åtte. Ved giftarmål eigde baronen då både det store Bjarkøy-godset i Nord-Noreg og Giske-godset med hovudsete på Sunnmørs-kysten. Det siste omfatta også Slinde-godset i Sogndal.

Sidan gjekk godset på Ornes gjennom ulike folk av adelsætt fram til 1663, då bisp Jens Schelderup fekk hand om eigedomen saman med ei mengd andre gardar i indre Sogn. Bispe-dottera Dorthea som arva Ornes, var gift med sokneprest Jens Samuelson Bugge i Leikanger, far til Samuel Bugge (sjå: Kjende personar i Leikanger fødde før år 1700). Bugge-ætta samla seg store jordeigedomar over alt i indre Sogn.

Potetsetting på Øvre Ornes gard ca. 1910. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Potetsetting på Øvre Ornes gard ca. 1910. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 30.03.2011