Mercantil Marica-forliset

Vraket har knekt i to etter grunnstøytinga. Foto: NRK, frå tv-reportasje.
Ei av dei størte ureiningskatastrofer på Norskekysten hende då det brasilianske bulkskipet «Mercantil Marica» på 15.000 tonn den 21. oktober 1989 fekk maskinhavari og dreiv på land ved Storsvalene i Solund.
Mannskapet berga seg, men båten forliste, og store mengder olje rann ut og grisa til strendene, særleg kring Trovågen og Kverhella. Eit stort apparat med oljelenser og pumper vart sett i sving for å fjerne oljen som særleg truga oppdrettsanlegga. På land arbeidde dugnadsgjengar med spade og bøtter. Omlag halvparten av oljen som rann ut, vart samla opp. Ingen varige skadar er registrerte - bortsett frå at ein her og der kan sjå små oljeflekkar stige opp frå fjøresanden på fjære sjø.
Les meir om: Ulukker i Solund.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 24.10.2011