Hopp til innhold
X
Innhald

Milestolpar i fylkeskommunen etter 1975

Sentralsjukehuset i Førde stod klart i 1979 etter mange år med hard strid. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sentralsjukehuset i Førde stod klart i 1979 etter mange år med hard strid. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Milestolpar i fylkeskommunen etter år 1975:

1976

Fylkeskommunen vert omorganisert: Det vert innført direkte val til fylkesting (valet skjer hausten 1975), og fylket får eiga leiing med ein fylkesrådmann på toppen. Heretter vert fylkesmannen berre Statens øvste representant i fylket.

Valet er partipolitisk, men alle kommunane fylket får etter nyordninga representantar gjennom utjamningsmandat.

Første fylkesordførar etter den nye valordninga vert Ola M. Hestenes frå Senterpartiet.

Det første direkte valde fylkestinget får 37 representantar, samansett med åtte frå Arbeidarpartiet, sju frå Senterpartiet, seks frå Høgre, fem frå Kristeleg Folkeparti, to frå Venstre, to frå Sosialistisk Venstreparti og to frå Det Liberale Folkepartiet. Dessutan får ei «Valliste for desentralisert utbygging i Sogn og Fjordane» - ei protestliste i samband med sjukehusstriden - fem representantar. Denne lista er borte ved neste val i 1979.

1976

Jurist og jordskiftekandidat Odd Søfteland vert tilsett som første fylkesrådmann i Sogn og Fjordane. Han vert avløyst av statsvitaren Svein Lundevall i 1977. Han står stillinga til 1997, då han vert avløyst av sosialøkonomen Per Drageset.

Frå ei av oppsettingane til Sogn og Fjordane Teater - Tyl. Foto: Olav Reiakvam.

Frå ei av oppsettingane til Sogn og Fjordane Teater - Tyl. Foto: Olav Reiakvam.

1977

Sogn og Fjordane Teater vert skipa og får base i Førdehuset. Fylkeskommunen er største eigar i teatret. Etter ein interimperiode og ein opprivande strid med dei tilsette om styringsform, vert skodespelar Anne Gullestad tilsett som første teatersjef i 1979.

1978

Fylkeskommunen skipar eiga kulturavdeling med Lidvin M. Osland som første fylkeskultursjef.

1979

Sentralsjukehuset i Førde (Førde Sentralsjukehus frå 2002) vert teke i bruk. Med sine kring 1000 tilsette vert dette den klårt største offentlege arbeidsplassen i fylket. Ei eiga stifting byggjer ei mengd bustader for sjukehustilsette i det nye bustadfeltet Vieåsen like ved sentralsjukehuset. Høyanger sjukehus får status som avdeling under sentralsjukehuset.

1982

Fylket legg ned Høyanger sjukehus. Det vert omgjort til lokal sjukeheim.

Administrasjonsbygget til Fjord1 Fylkesbaatane i Florø. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Administrasjonsbygget til Fjord1 Fylkesbaatane i Florø. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

1986

Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane flyttar administrasjonen til Florø etter å ha halde til i Bergen i 128 år.

1989

Fylkeskommunen byggjer Fylkeshuset på Hermansverk og samlar dermed sentraladministrasjonen sin under eitt tak - med unntak av kulturavdelinga, som vert verande i Førde.

1989

Fylket ved Sogn og Fjordane Energiverk (seinare Sogn og Fjordane Energi AS) regulerer Vetlefjordvassdraget i Balestrand og startar Mel kraftverk.

1990

Sentralsjukehuset i Førde (Førde Sentralsjukehus) vert utvida med psykiatrisk klinikk.

1991

Fylket byggjer Nordfjord Psykiatrisenter i tilknyting til Nordfjord sjukehus på Nordfjordeid.

Vallestadfossen i Gaularvassdraget, som vart varig verna i 1993. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vallestadfossen i Gaularvassdraget, som vart varig verna i 1993. Foto: Ottar Starheim, NRK.

1993

Det sju mil lange Gaularvassdraget i Sunnfjord vert varig verna. Fylket eig fallrettane, og planla frå kring 1970 utbygging av store kraftverk langs heile vassdraget. Planen møtte sterk lokal og nasjonal motstand, og mot både fylkestinget og fleirtalet i kommunestyra i Gaular og Førde, vart vassdraget varig verna. I den same verneplanen vart også Naustdalsvassdraget (sjå: Kraftverka i Naustdal) og Gjengedalsvassdraget (sjå: Sogn og Fjordane Energi AS) teke med, men med svakare vern enn Gaula.

1994

Florø sjukehus vert omgjort til avdeling under sentralsjukehuset i Førde (Førde Sentralsjukehus).

Tidlegare Florø sjukehus. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Tidlegare Florø sjukehus. Foto: Ottar Starheim, NRK.

1995

Fylket legg ned Langvin jordbruksskule (sjå: Mindresunde og Langvin jordbruksskular) i Nordfjord. Ei fylkesvald nemnd freistar å skape andre aktivitatar og inntekter til den store garden med alle bygningane.

2000

Sogn og Fjordane Energi AS tek i 2000 over det interkommunale selskapet Firdakraft. 2001I 2001 sel fylket 40 prosent av aksjane i Sogn og Fjordane Energi AS til BKK (Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap).

2001

Sjukehustenesta vert omorganisert ved at Staten tek over som eigar og drivar av sjukehusa med verknad frå 2002. Omorgansieringa skjer til sterke lokale protestar i Sogn og Fjordane.

Sogn og Fjordane vert lagt under Helseregion Vest, Helse Vest, som omfattar Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane, med administrasjonssete i Stavanger. Sjukehusa i Sogn og Fjordane vert organiserte som ei eiga eining - Helse Førde - med eige styre og eiga dagleg leiing, plassert i Førde.

Sogn og Fjordane fylke sel 38,51 prosent av aksjane i SFE - Sogn og Fjordane Energi – til BKK – Bergenshalvøens Kommunale Kraftselskap. BKK er m.a. dominerande kraftprodusent i Stølsheimen på sørsida av Sognefjorden, og har tidlegare kjøpt opp Gulakraft i Gulen kommune i 1996 og Høyanger Energiverk i 1999, samt skaffa seg 37,45 prosent eigardel i Sunnfjord Energi i 2000.

Bilferja Sognefjord i Kaupanger. Saman med resten av skipa i FSF fekk ferja Fjord1-logo i 2002. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Bilferja Sognefjord i Kaupanger. Saman med resten av skipa i FSF fekk ferja Fjord1-logo i 2002. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

2002

Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane slår seg saman med Møre og Romsdal Fylkesbåtar (MRF) til eitt konsern under namnet Nordvestlandske AS (NVL), som seinare får det omstridde namnet Fjord1 - Nordvestlandske. Dei andre selskapa i Fjord1-konsernet er Nordfjord og Sunnmøre Billag, Sogn Billag, Ottadalen Billag og Mørebil.

Sogn og Fjordane fylkeskommune eig 59 prosent av aksjane og Møre og Romsdal fylkeskommune 41 prosent. I 2002 har Fylkesbaatane 36 eigne farty og 500 tilsette.

2002

Ytre Fjordane Kraftlag - YFK går inn i Sogn og Fjordane Energi AS, der fylket er hovudaksjonær.

2004

Den regjeringsoppnemnde Distriktskommisjonen kjem med framlegg om at nye landsdelsregionar med folkevald styring skal avløyse fylkeskommunane frå 2010. Sogn og Fjordane skal etter dette gå inn i ein Vestlandsregion med langt over ein million innbyggjarar.

2006

Eit knapt fleirtal i fylkestinget går inn for at ein skal sluttføre forhandlingane om å slå SFE og Sunnfjord Energi saman. BKK med hovudkontor i Bergen har store aksjepostar i begge selskapa - sjå under 2001.

2010

Fylkeskommunen overtek ansvaret for ein stor del av riksvegnettet i Sogn og Fjordane frå staten. Unnataket er gjennomgåande riksvegar som riksveg 5 til Florø og riksveg 15 til Måløy og E16 og E39.

Vegen mellom Årdalstangen og Fodnes er mallom vegane som gjekk over frå å vere riksvegar til fylkesvegar i 2010. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vegen mellom Årdalstangen og Fodnes er mallom vegane som gjekk over frå å vere riksvegar til fylkesvegar i 2010. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015