Hopp til innhold
X
Innhald

Milestolpar i fylkeskommunen før 1900

1763

Nordre Bergenhus Amt vert skipa etter opptak frå Joachim de Knagenhielm. Han tek bustad på Kaupanger.

Kaupanger Hovedgård. Herifrå vart Nordre Bergenhus Amt administrert dei første åtte åra. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kaupanger Hovedgård. Herifrå vart Nordre Bergenhus Amt administrert dei første åtte åra. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

1771

Amtmannen buset seg i Bergen, og fylket vert styrt derfrå til 1840.

1838 - Første fylkestinget på Tross

Formannskapslova og det lokale folkestyret vert innført i 1837. 22 ordførar møtest til det første fylkestinget på Tross i Fjaler 30. juli 1838.

1840 - Amtmannen på Lærdalsøyri

Amtmannen flytter til Lærdalsøyri og vert (med eit kort unntak) buande der til 1864.

På garden Vestrheim var den første skulen til fylket. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På garden Vestrheim var den første skulen til fylket. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

1846

Fylket startar sin første skule - ein landbruksskule med ni elevar på garden Vestrheim på Kaupangerskogen. Skulen vert lagt ned etter få år.

1856

Fylket kjøper storgarden Mo i Førde og startar landbruksskule: Mo Jordbruksskule.

1858 - Skiping av Fylkesbaatane

Fylkesbaatane - skipinga av Nordre Bergenhus Amts Dampskibe i 1858 er i historisk perspektiv framleis det viktigaste vedtaket som er gjort av fylkestinget i Sogn og Fjordane. Fylkesbaatane vart styrde frå Bergen heilt fram til 1986, då administrasjonen vart flytta til Florø.

Fylkesbaatane gjorde det langt lettare å ta seg fram innan fylket og ikkje minst til og frå Bergen. Her er eitt av dei to første skipa, DS Framnæs på Vågen i Bergen. Foto: K. Knudsen © Billedsamlingen UiB.

Fylkesbaatane gjorde det langt lettare å ta seg fram innan fylket og ikkje minst til og frå Bergen. Her er eitt av dei to første skipa, DS Framnæs på Vågen i Bergen. Foto: K. Knudsen © Billedsamlingen UiB.

1864 - Fylkesmannsgarden på Nybø

Amtmannen flyttar til ny embetsgard på Nybø i Leikanger, og sidan har fylkesadministrasjonen halde til der.

1864

Fylkestinget set for første gong opp ei prioritetsliste for bygging av vegar i fylket. Veg frå Jølster til dampskipskaia i Førde får første prioritet - sjå: Veg mellom Jølster og Førde.

1866-1871

Sparepolitikken til dei såkalla «bondevenene» når klimaks i fylkestinget med framlegg om privatisering av Fylkesbaatane og nedlegging av Mo landbrukskule. Fylkesbaatane vert lyste ut for sal, men ingen melder seg. Mo vert pakta vekk til 1884, då fylket tek over att.

Lærarar og elevar ved husmorskulen i Holmedal i 1879.

Lærarar og elevar ved husmorskulen i Holmedal i 1879.

1874

Fylket tilset sin første amtsingeniør, lokalisert på Hermansverk. Ingeniøren får ansvaret for vegstellet. Sterk satsing på bygging av vegar frå innlandbygder i Stryn, Jølster, Gaular og Jostedalen.

1876 - Amtsskulen på Apalset

Fylket startar den første amtsskulen (seinare kalla fylkesskule) på Apalset i Gloppen.

1877

Den første fylkeskommunale husmorskulen vert starta i Holmedal med 22 elevar. Sjå: Skular i Askvoll.

1882

Fylket får eige «amtsutval» - eit slags fylkesutval - med amtmannen og fire folkevalde som medlemer. Det får lite å seie før hundreårsskiftet.

1890

Fylkestinget avviser eit riksframlegg om direkte val av fylkesting og langt større folkevald mynde enn tidlegare: Dei meinte ordninga med sterk makt til fylkesmannen var den beste ordninga for Sogn og Fjordane.

Første vegsjefen, Christopher Engebret Borch.

Første vegsjefen, Christopher Engebret Borch.

1890 - Jernbaneplanane i Sogn og Fjordane

Jernbanesaka kjem for første gong fram for fylkestinget. Fylkestinget støttar ein Sogneaksjon for å få Bergensbanen i ei «låglandsline» gjennom Lærdal og Aurland, men når ikkje fram. Stortinget vedtek «Finse-lina» over høgfjellet i 1894.

1891

Sogn og Fjordane får sin første fylkeslege - J. L. Møinichen.

1895

Christopher Engebreth Borch vert første vegsjef i Sogn og Fjordane. (Han vart tilsett som amtsingeniør i 1885) Vegkontoret hadde i 1896 fem tilsette.

1898

Ordninga med futar og futedøme vert vedteke avvikla i 1894, men vert ikkje gjennomført i fylket før i 1898. Futane hadde møte- og talerett i fylkestinget.

1898 - Jordbruksskulen på Rikheim

Fylket leiger storgarden Rikheim i Lærdal og driv jordbruksskule der til 1907.

Hovudbygningen på Rikheim i Lærdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hovudbygningen på Rikheim i Lærdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.11.2017