Hopp til innhold
X
Innhald

Misjonsåkrar og misjonslam

I 1844 skipa det sterke haugianarmiljøet i Vevring, Redalen og Gryta ei av landets første misjonsforeiningar; Vefrings Sogns Missionsforening. Dette hende berre to år etter at Den Norske Misjonsforening var skipa. Andreas L. Vefring var første formann.

I 1875 hadde dette laget 75 medlemer. Frå 1860-åra skipa kvinnene eigne foreiningar, som m.a. starta basarar der dei lodda ut sjølvlaga strikkevarer og husflidsvarer. Folk hadde også eigne «misjonsåkrar» og «misjonslam», der inntekt av avling og slakt skulle gå til foreiningsarbeidet. Andre gav smør og fløyte, eller etla fangsten frå eitt av sildegarna sine til misjonen.

Det å setje av ein del av gardsproduksjonen til drift av misjonsforeiningar og deira aktivitetar vart etterkvart vanleg, og vi finn same ordninga m.a. att i drift av skular og barneheimar (sjå Sogns Barneheim).

I 1865 skipa Hauge-venene i Kinn, Bremanger og Vevring det første indremisjonslaget for Sunnfjord.

Les meir: Haugianarane i Vevring og Naustdal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.12.2010