Hopp til innhold
X
Innhald

Mønsterbruket Svanøy

Hovudhuset på Svanøy Hovudgard vart utvida ved at andre hus på garden vart rivne og sette opp vegg mot vegg med kvarandre kring gardsplassen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hovudhuset på Svanøy Hovudgard vart utvida ved at andre hus på garden vart rivne og sette opp vegg mot vegg med kvarandre kring gardsplassen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ole Torjusson Svanøe og slekta hans gjorde hovudgarden til eit mønsterbruk, m.a. med fjøs og løebygning som var uvanleg stor etter den tid, bygd 1840.

Bekkar og vatn vart demde opp for å drive sagbruk og mølle. Ved sjøen bygde dei saltkokeri, båtbyggeri og store sjøbuer for sildesalting, og haugianarane var dei første som bygde saltebuer i utskjæra då vårsildfisket slo til kring Kinn tidleg på 1800-talet (sjå Vårsild-eventyret).

Svanøy Hovudgard hadde eige meieri i dette huset. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Svanøy Hovudgard hadde eige meieri i dette huset. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Svanøy Gruver

På Svanøy vart det brote kleberstein for utskiping til Bergen, og gruvedrift på koparåra under øya starta i 1870. Dette er same koparåra som også gav grunnlag for Grimmelid Kobberværk i Askvoll. Gruvedrifta toppa seg under 1. verdskrig 1914-1918 med kring 100 mann i arbeid. Gruva gjekk konkurs i 1923 då den økonomiske krisa råka Norge. Koparmalmen på Svanøy var skrinn, og var berre lønsam å drive ut i krigs- og krisetider, då det var stor etterspørsel etter kopar.

Ole Svanøe viser skøyten mellom to samansette hus. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ole Svanøe viser skøyten mellom to samansette hus. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Bu-kollektivet

Det mest synlege merke har likevel haugianarane på Svanøy lagt etter seg i sjølve hovudbygningen på storgarden. Gjennom fleire utbyggingstrinn vart det ein-etasjes huset til futen påbygd både i høgda og lengda, slik at det til sist forma fire fløyar kring eit gardstun. Mykje av denne utvidinga vart gjort ved at andre hus på garden vart rivne og sette opp vegg mot vegg med kvarandre kring gardsplassen. Dette kan ein framleis sjå ved at det er ulik høgde på golva i etasjane, og ved at det er doble tømmerveggar mellom mange rom.

I hovudhuset budde ikkje berre familien Svanøe: På garden og anlegga som høyrde til, arbeidde mange andre «vener». I den store bygningen budde desse haugianar-familiane i kanskje fylkets første «bu-kollektiv», med felles hushald på det meste.

Svanøe-slekta

Svanøe-slekta har eigd Svanøy Hovudgard i ubrota line frå Ole Torjusson kjøpte bruket i 1804 og fram til i dag.

På 1800-talet var Svanøe-folket åndelege leiarar mellom Hauge-venene i Sunnfjord, og driftige bønder og næringslivsfolk. Men fleire av dei engasjerte seg sterkt i politikk: Ole Torjusson Svanøe var stortingsmann i fleire periodar, og sonen Christopher Olsson Svanøe fylgde i fotefara til faren som stortingsmann. Andre hadde kunstnargivnad - som diktaren Endre J. Svanøe og målaren Hans Svanøe.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.06.2010