Hopp til innhold
X
Innhald

Mønsterbyen Høyanger

Høyanger sett frå Høgebakkane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Høyanger sett frå Høgebakkane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Frå første stund tok Sigurd Kloumann og co. full styring med alt som skjedde i Høyanger.

På same vis som det tidlegare hadde skjedd med Norsk Hydro på Rjukan og seinaren i Øvre Årdal (sjå Historia i Årdal), var det industrieigarane som utarbeidde reguleringsplanen for den nye industribyen i 1917. Dette låg i konsesjonsvilkåra. Her vart det også slått fast at verket skulle syte for bustader, vegar, sjukehus (sjå Helsestell i Høyanger) og annan infrastruktur.

Arkitektane hadde bortimot blanke ark. Slik såg Høyangsfjorden ut i 1916. Foto henta frå arkivet til Hydro.

Arkitektane hadde bortimot blanke ark. Slik såg Høyangsfjorden ut i 1916. Foto henta frå arkivet til Hydro.

Noregs fremste arkitektar, Morgenstierne & Eide, utarbeidde planar for ein mønsterby. Høyanger skulle verte den rake motsetning til 1800-talets triste industrighettoar i England og på Kontinentet. Høyanger vart planlagt som ein lys og romsleg «hageby» med opne alléar, torg og fonteneprydde parkar. Dampskipskaia var innfallsporten. Her bygde verket ein staseleg «verksport». Opp frå kaia skulle hovudgata, Storgata, ende opp ved ei kyrkje (sjå biletet øvst på sida). Kyrkja var det siste bygget i planen frå 1917 som kom på plass - først i 1960 sto Høyanger kyrkje ferdig.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.01.2012