Hopp til innhold
X
Innhald

Munthe-folket tek over i Kroken

Munthehuset. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Munthehuset. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

I 1764 vart kaptein Gerhard Christofferson Munthe eigar av garden i Kroken. Han fekk hand om Ytre Kroken ved eit makebyte med storgarden Mo i Hafslo.

No var det på nytt handelsmann Svabo og kona Maren Theiste som eigde Kroken. Maren og Svaboe hadde nemleg i 1759 reist odelssak mot Leyrdahl-folket for å få tilbake Kroken. Dei vann saka, men makebytte i staden Mo- garden med Munthe. Ytre Kroken vart i Munthe-ætta heilt fram til 1884.

Stort herskapshus

Denne kaptein Gerhard Christofferson Munthe vart på folkemunne kalla «Storekapteinen». Han bygde første byggjesteg på det store herskapshuset som seinare har vorte kalla «Munthehuset». Dette huset fekk ved ei utviding i 1840-åra den utsjånad som vi kjenner i dag. På denne tida hadde gardstunet i alt fem stovehus og 17 uthus. Her var også eit par sagbruk ved Krokaelvi, og sjøbuer og kai. I hagen vart det dyrka frukt, grønsaker og humle til brygging.

Potetdyrkar

Potetdyrkar

Gerhard Chr. Munthe skal også ha vore ein av dei første som tok til å dyrke poteter her i landet då han i 1765 sådde den første potetåkeren på den nye garden sin i Ytre Kroken.

Sonen hans, Hartvig Kaas Munthe (1766-1830) tok over eigedomen, og det var i hans styringstid at Kroken vart eit kunstnarsenter. Dette hadde samanheng med sonen til Hartvig - den kjende kartografen og historikaren Gerhard Munthe d.y..

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.03.2011