Hopp til innhold
X
Innhald

Munthe-garden i Årøy

Slik såg det ut i Årøy i 1905. Midt på biletet ser vi ”laksevillaen” som briten Hargreaves bygde og som vart riven i 1966. På postkortet har avsendaren Olga skrive m.a: ”H fik 2 lax der torsdag”. Foto: Einan.

Slik såg det ut i Årøy i 1905. Midt på biletet ser vi ”laksevillaen” som briten Hargreaves bygde og som vart riven i 1966. På postkortet har avsendaren Olga skrive m.a: ”H fik 2 lax der torsdag”. Foto: Einan.

Ein av dei store eigedomane i Sogndal er Årøy. Den vart frå midten av 1600-talet hovudsete for Munthe-slekta si grein i Sogn og Sunnfjord.

Framom det gamle tunet gjekk den tidlegare hovudvegen mellom Sogndal og Fylkesbygda - som Hafslo vart kalla i gamle dagar. Reisande som skulle den vegen, vart rodde inn Barnesfjorden til Nagløyri, der vegen opp dalføret gjekk på austsida av Årøyelva framom den ville Helvetesfossen til Hafslo og Solvorn.

Bygdeborga i Årøy

På fjellknatten Borgarholt midt i den tronge dalen ligg restar etter ei bygdeborg frå folkevandringstida.

På dette biletet ser vi Borgarholt der bygdeborga låg oppe til høgre. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På dette biletet ser vi Borgarholt der bygdeborga låg oppe til høgre. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Olavskjelda i Årøy

I Gildreskria litt lengre oppe finn ein Olavskjelda.

Munthe kjem til Årøy

Munthe-slekta i Årøy starta med futen Christoffer Giertsøn Morgenstierne kring 1640. Då både Christoffer Munthe og kona døydde av ein farsott i 1793, viste det seg at dei m.a. eigde kyrkja i Hafslo. Skiftet etter dei to gjekk på auksjon, og Munthe-eigedomen i Årøy og det dei eigde elles i Sogn vart stykka opp.

Dette måleriet av Ludvig Munthe viser truleg Årøy.

Dette måleriet av Ludvig Munthe viser truleg Årøy.

Nitter-slekta avløyser Munthe

Garden i Årøy vart i 1794 kjøpt av kremmar Henrik Ludviksson Nitter (fødd 1751) frå Solvorn. Han flytta til Årøy og dreiv den store eigedomen i 17 år.

Munthe tok Årøy tilbake

Men i 1811 tok ein frå Munthe-slekta tilbake Årøy på odel. Det var Gerhard Christoffersen Munthe (fødd 1791-1878), som hadde vakse opp i Kroken. Nitter måtte etter dette flytte tilbake til Solvorn.

Laksefisket i Årøy

Årøyelvi er den korte og fosserike elva som kjem frå Hafslovatnet og renn ut inst i Barsnesfjorden. Den strie straumen er truleg grunnen til at det har avla seg fram ein spesielt kortvaksen og kraftig laksetype.

Årøy-eigaren i dag

I 2003 er det den kjende skogbrukaren og industrimannen, siviløkonom Arnt Christian Hovland som eig i Årøy. Arnt Hovland var i mange år leiar i skogeigarforening i fylket, Han var også drivkrafta og dagleg leiar frå 1980-åra og utover då det tidlegare Moelven Bruk i Utvik i Nordfjord vart bygt ut til suksessverksemda Fjordtre Produkter A/S - (sjå Dørfabrikanten Dooria AS), med ei omsetning i 2003 på kring 200 millionar kroner.

Les meir om: Adels- og embetsgardar på rekkje og rad.

Årøy i 2007. Framleis er det laksefiske i elva nedanfor kraftstasjonen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Årøy i 2007. Framleis er det laksefiske i elva nedanfor kraftstasjonen. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.09.2011