Hopp til innhold
X
Innhald

Munthe kjem til Årøy

Årøy med Årøyelvi tidleg på 1900-talet. Foto: Elen Loftesnes. © Fylkesarkivet.

Årøy med Årøyelvi tidleg på 1900-talet. Foto: Elen Loftesnes. © Fylkesarkivet.

Det store gardstunet låg like ved elva, litt opp frå sjøen. Til garden høyrer dei verdfulle laksrettane i Årøyelva - sjå: Laksefisket i Årøy.

Denne elva vart også kalla Ølneselvi i gamal tid. På 1600-talet var det m.a. eit fut i Bergen som rådde over laksefisket i elva. Munthe-slekta i Årøy starta med futen Christoffer Giertsøn Morgenstierne kring 1640. Han budde først på storgarden Kvåle/Rutlin i Sogndal, og var gift med ein kvinne frå Heiberg-slekta - sjå: Storgarden på Kvåle.

Då ho døydde, flytta Christoffer Giertsøn til garden Flahamar i Luster. Her gifta han seg andre gongen med Bergitte Ludviksdotter Munthe (fødd 1634). Etterkomarane deira både i Sogn og Sunnfjord kalla seg sidan Munthe. Vi finn dei som rikfolk og store jordeigarar m.a. i Hellevik ved Dalsfjorden (sjå: Munthe-slekta frå Luster til Hellevik) og i Kroken i Luster.

Fleire av sønene til futen Christoffer Giertsøn Morgenstierne og kona Bergitte Munthe vart prestar. Ein av dei vart prest på Hafslo, og gift inn i den rike Ørbech-familien.

Det var ein av dei ti borna til dette presteparet på Hafslo som kring 1740 overtok Årøy-garden. Garden var komen inn i slekta frå Ørbech-sida. Den første Munthe i Årøy heitte Ludvig Munthe (fødd 1717).

Elles spreidde slekta seg med tida som prestefolk og militære til mange bygder i Sogn. Etter Ludvig Munthe overtok eldste sonen Christoffer Munthe (fødd 1751) i Årøy. I 1788 vart han løytnant i Sogndalske Compagnie - sjå: Ekserserplass i Sogndal.

Les meir om Munthe-garden i Årøy.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.08.2011