Hopp til innhold
X
Innhald

Munthe-slekta frå Luster til Hellevik

Hellevik i 1890. Foto: Torgeir Hellevik. Eigar: Hans Lone/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Hellevik i 1890. Foto: Torgeir Hellevik. Eigar: Hans Lone/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

På garden Hellevik vest i kommunen budde det på 1700-talet rikfolk frå Munthe-slekta og Finde-slekta.

På 1600-talet var garden ein del av adelsætta Rosenkrantz sitt gods, men kom så i eiga til den rike presten Anders Grytten i Holmedal. Enkja etter han - Maren Munthe Grytten, budde i Hellevik frå 1697 til 1706. I 1706 selde Maren Munthe Grytten garden Hellevik til systersonen, oberstløytnant Gerhard C. Munthe. Han var sonen til Sogna-futen Christopher Giertsen som då budde på Flahamar i Luster. Munthe-namnet kom inn frå morssida: Mora var Birgitte Munthe, dotter til Bergens-bispen Ludwig Munthe.

På same vis som tanta Maren hadde gjort, så dreiv Gerhard C. Munthe garden i Hellevik med paktarhjelp og tenarar. Sjølv var han mykje ute i krigsteneste. Han var m.a. offiser i den store nordiske krigen. Då mykje av eigedomane under Svanøy-godset vart selt i 1726, fekk Munthe hand om store jordeigedomar i Sunnfjord (sjå også om Hendrich Nitter på Tysse-garden).

Selde godset

I 1732 selde Munthe-folket Hellevik, og i åra etter mykje av godset sitt i Sunnfjord. Mange gardar frå Munthe-slekta kom i hendene på presten i Nykirken i Bergen, magister Fredrik Holberg. Han var bror til diktaren Ludvig Holberg. Faren til Fredrik og Ludvig - Christian Nilsen Holberg - hadde hadde nokre år tidlegare fått god oversikt over Sunnfjord då han var sjef for Søndfiordske Compagnie på Dingemoen i Dale.

Dette kan vere garden Munthe-slekta eigde i Hellevik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dette kan vere garden Munthe-slekta eigde i Hellevik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.10.2010