Hopp til innhold
X
Innhald

Myrmannsvesenet i Vågsøy

I fjellsida i bakgrunnen ligg Blesrør som var med på å sikre overrettssakførar Blom røysterett. I framgrunnen Domstein-anlegget på Trollebø. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I fjellsida i bakgrunnen ligg Blesrør som var med på å sikre overrettssakførar Blom røysterett. I framgrunnen Domstein-anlegget på Trollebø. Foto: Ottar Starheim, NRK.

«Myrmannsvesenet» vart eit omgrep som oppstod kring striden om røysteretten i Noreg på 1860- og 1870-talet.

Nokre karar i Namdalen fann eit smutthol i lova: Ved å kjøpe seg «skrapejord» som attgrodde øydegardar eller myrar, fekk dei borgarleg røysterett som «jordeigarar». Slik kom den nedlagde garden Blesrør i fjellsida mellom Måløy og Raudeberg til å spele ein «politisk» rolle då overrettsakførar Blom kjøpte ein snipp av bruket frå handelsmennene på Moldøen i 1875 for å sikre seg røysterett.

Liknande spekulasjonskjøp gjorde Sofus Arctander av øydegarden Hanekamben i Selje i 1867 saman med fem kameratar. Unge Arctander var då huslærar på Nordfjordeid, og vart seinare ein kjend statsråd. Fleire av kameratane som Arctander skaffa røysterett på denne måten, vart seinare framståande vitskapsfolk, legar og statsrådar.

På Myklebust på Nordfjordeid heiter ein haug framleis Stemmerettshaugen fordi den vart kjøpt av røysterettspekulantar kring 1870.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 20.04.2010