Hopp til innhold
X
Innhald

NACO-sjukehuset

Sjukehusbygningen frå 1934 er i dag ein del av Høyanger  Sjukeheim. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sjukehusbygningen frå 1934 er i dag ein del av Høyanger Sjukeheim. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Då det i 1931 vart vedteke å byggje berre eitt sjukehus for Sogn, lokalisert på Leikanger, anka Kyrkjebø kommune straks avgjerda inn for Sosialdepartementet, og fekk medhald.

Departementet meinte at industristaden Høyanger hadde eit rettkome krav på eige sjukehus. Både kommunen og departementet støtta seg på at NACO etter konsesjonsvilkåra frå 1915 var plikta til å byggje sjukehus i Høyanger. Med tilskot frå NACO og Kyrkjebø kommune stod det nye sjukehuset i Høyanger klart i 1934, med plass til 40 pasientar. Kommunen stod som formell eigar, men i røynda bar NACO ein stor del av driftsutgiftene inntil fylket tok over drifta i 1948.

I 1936 kjøpte Firda Billag eigen sjukebil etter oppmoding frå Høyanger Sjukehus.

Sjukehusbyggjinga i Høyanger slo beina unna planen om eit sjukehus på Leikanger, og opna samstundes for utbyggjing av Lærdal Sjukehus.

Høyanger Sjukehus var i drift som sjukehus til 1982, då det vart lagt ned som fylgje av at fylkeskommunen vedtok å byggje Sentralsjukehuset i Førde. Les meir om dette i artikkelen Sjukehusstriden 1967–1972. Bygningane vart etter det nytta som ein del av Høyanger Sjukeheim.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.09.2011