Hopp til innhold
X
Innhald

Naturvern i Gloppen

Snønipa (1827 m.o.h.) er det høgaste punktet i Gloppen og ein del av Jostedalsbréen Nasjonalpark. Foto: Geir Eikås.

Snønipa (1827 m.o.h.) er det høgaste punktet i Gloppen og ein del av Jostedalsbréen Nasjonalpark. Foto: Geir Eikås.

Jostedalsbreen nasjonalpark

Ein del av Jostedalsbréen Nasjonalpark ligg i Gloppen kommune.

Ålfotbréen landskapsvernområde

Ålfotbréen er den vestlegaste isbréen i Noreg. I 2009 vart Ålfotbréen landskapsvernområde skipa. – Sjå Bremanger kommune.

På tur mot Gjegnabu i Ålfotbréen landskapsvernområde. Foto: Ole Johannes Øvretveit, NRK.

På tur mot Gjegnabu i Ålfotbréen landskapsvernområde. Foto: Ole Johannes Øvretveit, NRK.

Hyen- og Naustdals-kraft til aluminium?

I Vestlandsplanen frå 1968 vart det m.a. gjort framlegg om at eit nytt, stort aluminiumsverk i Askvoll kommune skulle drivast med energi frå kraftverk i Gjengedal, Naustdal og Gaularvassdraget, utan at noko av dette vart sett ut i livet. Vassdraga Naustdal og Gjengedal vart i 1993 mellombels haldne unna utbygging for å få vurdert verneverdiane, trass i at SFE i mange år har hatt konkrete planar om utbygging.

Rettelfossen ved Breimsvatnet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Rettelfossen ved Breimsvatnet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Landskaps- og elvevern i Hyen

Reguleringsplanar for Gjengedalsvassdraget og Nausta vekte sterk lokal og nasjonal motstand. Ei tid såg det ut til at vernarane skulle vinne fram, men i 2003 gjekk NVE likevel inn for at vassdraga kunne byggjast ut. I januar 2009 vedtok så regjeringa å skipe Naustdal – Gjengedal landskapsvernområde. Landskapsvernet omfattar 394 kvadratkilometer. Det meste av området ligg i Gloppen og Naustdal kommunar, men også litt i Jølster og Førde kommunar. Dei fire kommunane får eit næringsfond på til saman 10 millionar kroner og ei løyving på 1,5 millionar kroner til forvalting av landskapsvernområdet.

Gjengedalsvassdraget, her ved Ommedal, er verna mot kraftutbygging. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gjengedalsvassdraget, her ved Ommedal, er verna mot kraftutbygging. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bukta fuglefredingsområde

Bukta heiter den store sandøyra som strekkjer seg frå elveosen i Storelva og sørover til Fitje/Arnestad. Dette er ei av dei få våtmarksområda på Vestlandet som ikkje er sterkt utbygde med vegar og bygningar. Bukta er difor eit verdfullt område for vadefugl, og fekk status som fuglefredingsområde i 1991. I Bukta er det observert fleire sjeldne vade- og symjefuglartar.

Sandane sett frå lufta med Bukta og fuglefredingsområdet til høgre. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Sandane sett frå lufta med Bukta og fuglefredingsområdet til høgre. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.01.2011