Hopp til innhold
X
Innhald

Nitter-slekta på Tysse

Budde på Sande

I 1742 selde fut Hans Thiis Nagel Tysse-garden til sersjant Trude Christenson Nitter, som vart stamfar til den kjende Nitter-slekta i Dale. Nitter-slekta innvandra anten frå Skottland eller Flandern i Belgia. I Sogn og Fjordane finn vi Nitter-slekta først i Hafslo-området (sjå: Historia i Luster).

Budde på Sande

Trude Nitter var fødd i Solvorn og budde ei tid på Sande i Gaular før han flytta til Tysse. Sonen Hendrich Nitter utvida eigedomen på Tysse i 1773 då han kjøpte det andre bruket som Nagel åtte der. Hendrich Nitter slo seg etter kvart opp som ein av dei største jordeigarar i Sunnfjord, og hadde til saman hand om 53 eigedomar.

Ein av sønene til Hendrich Nitter, Knudt Christopher, vart eigar av Dale gard og gjestgjevar på Tross (sjå: Skysstasjonen og handelsstaden Tross).

Nitter-folka på Tysse var svært velståande. På garden arbeidde det i 1801 sju tenestejenter og fem drengar. Nitter-familien åtte storgarden Tysse fram til 1809, då sorenskrivar Nils L. Landmark kjøpte garden. Etter dette vert garden Lone i dalen sør for Hellevik hovudsete for Nitter-folket.

Les også om:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 16.11.2011