Hopp til innhold
X
Innhald

Nordfjord Folkemuseum

Gamle bygningar på Nordfjord Folkemuseum. Foto: Ottar Starheim, NRK

Gamle bygningar på Nordfjord Folkemuseum. Foto: Ottar Starheim, NRK

Holvikjekta i sitt rette element. Foto teke i 1906 av eit amerikansk fototeam, Viking View Company. Biletet vart brukt på framsida til Jul i Nordfjord i 2006.

Holvikjekta i sitt rette element. Foto teke i 1906 av eit amerikansk fototeam, Viking View Company. Biletet vart brukt på framsida til Jul i Nordfjord i 2006.

Nordfjord Folkemuseum vart skipa på Sandane i 1920 av Nordfjord Sogelag med Ola Sande som drivande kraft.

Alt i 1905 var den første kimen til lokalisering på Sandane lagt, då den siste Nordfjord-jekta, Holvikjekta, vart dregen på land og sett under tak på Austrheim. Denne «starten» med jekta vart brukt som argument i tautrekkinga om kvar folkemuseet for Nordfjord skulle liggje. Nordfjord Folkemuseum har vore formell eigar av Holvikjekta sidan 1981.

Flytting til Jølet

Dei andre samlingane med m.a. eldre hus vart opna i Åsen på Sandane i 1920, men vart i 1959 flytta til Jølet på Sandane, der det held til i dag. I 1995 vart eit eldfast musèumsbygg på 1800 kvadratmeter teke i bruk. I 2006 er det oppsett kring 40 hus på muséet, der ein sentral del av samlingane er vassbruks-avdelinga med kvern, oppgangssag, stampe, vassdriven slipestein og elektrisitetsverk m.m. rekonstruert langs elva som renn gjennom muséumsområdet.

Ravnestad-nyestova frå Rygg. Eldste delen er frå 1700-talet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ravnestad-nyestova frå Rygg. Eldste delen er frå 1700-talet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Stabbur frå Hole i Breim. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Stabbur frå Hole i Breim. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ved den vesle elva som renn gjennom Jølet er det reist eit vassbruk med sagbruk og stampe. Då dette biletet vart teke var muren til sagbruket sett opp. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ved den vesle elva som renn gjennom Jølet er det reist eit vassbruk med sagbruk og stampe. Då dette biletet vart teke var muren til sagbruket sett opp. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den eldfaste bygningen til Nordfjord Folkesmuseum. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den eldfaste bygningen til Nordfjord Folkesmuseum. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bruresølv utstilt på museet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bruresølv utstilt på museet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.01.2011