Hopp til innhold
X
Innhald

Nordfjord og Sunnmøre var eige «fylke»

Framleis var grensedelinga i det dansk-norske forvaltningsapparatet føyeleg. Det kom ofte an på kven som skulle tilgodesjåast med eit «bein» av kongen korleis grensa mellom amtmennene vart trekt.

Såleis vart Nordfjord og Sunnmøre i ein kort periode - frå 1675 til 1680 - eige amt eller fylke! Amtmannen Christian Lindenow budde på Nordfjordeid. Men nokre år før denne merkelege frådelinga, hadde Romsdals amt (Romsdal og Nordmøre) vorte oppretta, og Sunnmøre var lagt under dette frå 1671 og fram til det mellombelse «ekteskapet» med Nordfjord kom i stand i 1675.

Etter at Lindenow i fem år hadde rådd over sunnmøringar og nordfjordingar i sitt eige lilleputt-fylke, vart Sunnmøre igjen lagt under Bergenhus Stiftamt, fram til Møre og Romsdal vart eige amt i 1689 (også Møre og Romsdal skifta amtsgrenser og organisering mykje, heilt til det stabiliserte seg med noverande fylkesgrenser i 1704).

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015