Hopp til innhold
X
Innhald

Nordfjord Sjukehus og Singer

Nordfjord Sjukehus i byggeåret 1936.

Nordfjord Sjukehus i byggeåret 1936.

Nordfjord Sjukehus i byggeåret 1936.

Nordfjord Sjukehus i byggeåret 1936.

Mangemillionæren William Henry Singer jr. i Olden finansierte det meste av Nordfjord sjukehus på Nordfjordeid, som vart opna i 1936.

Singer vart engasjert i helsestellet i distriktet då ein av venene hans i Olden, hotelleigar Sivert W. Yri (1880–1926), måtte sendast heilt til Bergen med ein livstrugande blindtarmbetennelse og døydde på vegen dit. Singer hadde først lova tilskot til eit nytt sjukehus i Florø, men då nordfjordingane starta innsamling til eige sjukehus, vende han pengegåva si dit.

Sjukehuset i Nordfjord fekk elddåpen sin nokre veker etter opninga i 1936, då det måtte ta imot såra etter rasulukka i Lodalen (Sjå Lodals-ulukkene).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 15.03.2011