Hopp til innhold
X
Innhald

Nordisk Kunstnarsenter

Nordisk Kunstnarsenter på Dalsåsen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nordisk Kunstnarsenter på Dalsåsen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nordisk Kunstnarsenter vart opna på Dalsåsen i Dale i 1998. Eigedomen på Dalsåsen vart på 1970-talet stilt til disposisjon for Nordisk Råd av ekteparet Thora og Oddleif Fagerheim.

Opphaveleg ynskte skulemannen og politikaren Oddleif Fagerheim å skipe ein nordisk folkehøgskule på Dalsåsen. Då dette ikkje lukkast, vart det først arbeidd for å byggje opp eit nordisk husflidssenter der. Då heller ikkje det gjekk, vart eigedomen bygt ut som eit senter der kunstnarar frå alle dei nordiske landa kan arbeide og møtast til ulike samlingar.

Biletkunstnaren Arild Bergstrøm vart tilsett som første direktør for senteret, som har fleire atelier og overnattingsrom for dei som arbeider der.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.08.2009