EM i vektløfting i Førde
Vektløftarforbundet arrangerte i 2016 EM i vektløfting i Førde. Her er IWF-president Tamas Ajan og Stian Grimseth på scena under opninga av meisterskapet.
EM i vektløfting i Førde

Norges Vektløfterforbund (NVF) er særforbundet for vektløfting. Forbundet vart skipa 7. april 1946 og organiserer vektløftarane, vektløftarklubbane og vektløftarregionane i Noreg.

Fakta

  • NVF har om lag 3000 registrerte medlemmar innan olympisk vektløfting.
  • NVF består av 35 klubbar, organisert i fem regionar: Telemark og Vestfold, Sør-Vestlandet, Nord-Vestlandet, Nordenfjeldske og Austlandet.
  • President: Stian Grimseth, Tambarskjelvar IL

Historie

På 1930-talet byrja det å bli interesse for vektløfting i Noreg, og i 1938 vart det danna eit eige utval for den nye idretten. Norsk Vektløfterutvalg vart tilslutta Norges Bryteforbund, med Ottar Engnæs frå Drammen AK som den første formannen.

På tinget i idrettsforbundet i februar 1946 fekk idrettsstyret fullmakt til å ta vektløfting opp som eige særforbund. Norges Vektløftarforbund vart deretter stifta 7. april 1946. Det var møtt fram representantar frå tolv klubbar, med Namsos som den nordlegaste. Olaf Hansen frå Sportsklubben av 1909 vart den første formannen i det nye forbundet.

Det første noregsmeisterskapet for menn vart arrangert i 1939. Den første norske konkurransen for kvinner fann stad i 1980, og kvinnene kom med i norske meisterskap frå 1982.

Leif Jenssen vart i 1972 den første olympiske meisteren i vektløfting frå Noreg, noko som gav mykje merksemd til idretten her i landet. Sidan har fleire utøvarar frå forbundet hevda seg internasjonalt, mellom andre Eivind Rekustad, Stian Grimseth, Ruth Kasirye og Solfrid Koanda.

Noreg arrangerte EM i vektløfting i 2016. Meisterskapet gjekk av stabelen i Førdehuset i Førde, med Tambarskjelvar IL og det norske vektløftarforbundet som arrangørar.

I desember 2021 vart Norges Vektløfterforbund tildelt VM i vektløfting for 2025. Meisterskapet er planlagt arrangert i Førde i Sunnfjord.

Stian Grimseth har sidan 2019 vore president i Norges Vektløfterforbund.

Formenn og presidentar

Frå starten og fram til midt på 1990-talet opererte vektløftarforbundet med ein formann som øvste valde leiar. Frå 1995 har nemninga vore president.

Formann / president Periode
Olaf Hansen 1946–1949
Arthur Wiik 1949–1953
Johan Fr. Kielland 1953–1962
Gunnar Hoff Leirvik 1964–1970
Kjell W. Moberg 1970–1974
Terje Ree 1974–1981
Per Marstad 1981–1993
Tryggve Duun 1993–2005
Per Mattingsdal 2005–2016
Tryggve Duun 2016–2017
Hilde Næss 2017–2019
Stian Grimseth 2019–

Les meir i Store norske leksikon

Lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg